
Basilikumsmør – urtesmør
Her om dagen hadde eg ei potte med frisk basilikum som byrja å sjå litt pjuskete ut og for å unngå å kaste resten så lagde eg basilikumsmør som eg fraus ned. Det kan brukast til mykje, men favoritten er å ha det på pasta, enten åleine eller med bacon og grønsaker.
Mengdene i oppskrifta er ikkje så nøye å følge. Ein kan slumpe saman til ein tykkjer at det smakar passe mykje.
Ved å bruke plantebasert smør kan ein også lage mjølkefritt basilikumsmør.
Ingrediensar
ca. 1 dl finhakka fersk basilikum
200 g mjukt smør
eventuelt litt salt og pepar etter smak
Rør smør og basilikum godt saman for hand eller med ein miksar. Ha det enten i ei lita skål eller ha det i litt plastfolie og form det til ei lita pølse. Sett det i kjøleskapet i rundt ein halvtime eller lenger. Smøret kan også frysast.
Alternativ:
- For mjølkefri versjon kan ein bruke plantebasert smør. Nokon av desse er ikkje tilsett salt så då er det i så fall lurt å smake til med ekstra salt.
- Bruk andre urter og krydder eller ei blanding av disse for andre smakar. Dillsmør passar for eksempel godt til fisk. Estragonsmør er nydeleg til biff (berre pass på å bruke fransk estragon for den som heiter russisk estragon er ikkje spesielt god). Kvitlauk eller persille er også gode variantar.
- Ha gjerne i litt sitronsaft for friskare smak.
Tips:
- Server saman med nybakt brød for eksempel til suppe, salat eller tapas.
- Ha det som tilbehør til grillmat.
- Smøret passar til både kjøt og fisk. Legg litt på kvar fiskebit eller smelt det i steikjepanna på slutten og aus over fisken med ei skei.
- Lag ein enkel pastarett med kokt pasta, skinke eller bacon og vårlauk eller det som ein har i kjøleskapet. Rør inn smøret til slutt før servering.