Gløgg

Blåbærgløgg

Blåbærgløgg eller blåbærtoddy som det vel også kan kallast gjer godt for eksempel når det er kaldt ute eller om ein er forkjøla. I ein sesong går det gjerne nokre liter gløgg og då er det greitt at han ikkje berre inneheld krydra sukkerlake.

Eg har tidlegare lagt ut ei oppskrift på eplegløgg som tek utgangspunkt i ferdiglaga saft. Denne varianten er derimot laga heilt frå grunnen med frosne blåbær. Inspirasjonen har eg henta frå Berit Nordstrand si oppskrift, men eg har gjort nokre endringar for å få gløggen tilpassa smaken min.

 

Ingrediensar til rundt 1 liter blåbærgløgg

400 g frosne blåbær

1 liter vatn

ca 10 nellikspiker

4 skiver fersk ingefær eller 1 ts malt ingefær

3 stjerneanis

1/2 vaniljestang delt på langs

1 kanelstang

2 ss sitronsaft (kan sløyfast)

1 dl sukker, eg brukte kokossukker

 

Kok opp blåbær og vatn og la det småkoke nokre minutt. Jamn blandinga med stavmiksar eller tøm det forsiktig over i ein blender. Om ein brukar blender så er det lurt å la det kjølne litt for å unngå å verte skolda. Om du ynskjer ein tynnare gløgg så går det an å sile frå blåbæra i staden for å knuse dei med miksar. Ha safta attende i kasserolla.

Ha i alt det andre og la det stå og trekkje på svak varme i minst 30 minutt men gjerne lenger. Eg let det ofte stå 1-2 timar og slår av plata på slutten sånn at blandinga får kjølna litt. Smak undervegs for å kjenne når det er passe kryddersmak. Ha i meir søtt om det trengst. Sil blandinga og varm gløggen forsiktig oppatt før servering.

 

Alternativ
  • Sukkeret kan bytast heilt eller delvis ut med honning, brunt sukker, rårørsukker, fibersirup, sukrinmelis eller sukrin gold.
  • Blåbæra kan bytast ut eller blandast med andre bær. Solbær åleine eller saman med blåbær gir ein frisk smak.
  • Bruk dei kryddera du har i skapet, både tørka og ferske går fint. Her er det berre å smake seg fram til det som passar din gane.
  • Ein kan bruke sterk saft i staden for frosne bær.
  • Om ein vil ha alkoholhaldig gløgg kan ein ha i raudvin heilt til slutt. Då er det viktig å varme opp gløggen forsiktig slik at temperaturen ikkje vert for høg  for då fordampar alkoholen.
  • Ha gjerne oppi eit par appelsinskiver i tillegg for å få litt appelsinsmak på gløggen.

 

Tips
  • Avkjøl gløggen og hell over på flasker. Då står det seg i kjøleskapet i ei veke eller to. Gløggen kan også frysast.
  • Ta med blåbærgløggen på termos på tur.
  • Server gjerne med rosiner og hakka mandlar.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *