Blomkålsuppe

Blomkålsuppe

Blomkålsuppe lagar ein enkelt sjølv. Det er både billeg og godt. I tillegg kan ein ha mykje godt attåt suppa. Eg brukar ofte pølsebitar eller spekemat i bitar. Å drysse ferske urter over kan gje ei anna smakoppleving. Timian eller basilikum er veldig godt til.

Denne oppskrifta er glutenfri og kan gjerast mjølkefri om ein brukar mjølkefri fløyte som kan kokast eller feit kokosmjølk.

 

Ingrediensar til 4 porsjonar blomkålsuppe

1 stor blomkål eller 2 små i bitar
1 liten purre eller vårlauk i bitar (kan sløyfast)
7 dl kraft eller buljong
3 dl fløyte av valfri sort
Salt og pepar

Kok opp krafta og ha i blomkål og purre. Kok til blomkålen er gjennomkokt og jamn suppa med stavmiksar. Ha i fløyte/mjølk og smak til med salt og pepar. For litt meir smak kan urtesalt nyttast i staden for vanleg salt.

 

Alternativ
  • Fløyten kan bytast ut med mjølk, kokosmjølk eller eit par ss kokoskrem.
  • Blomkål kan heilt eller delvis bytast ut med brokkoli eller andre grønsaker.

 

Tips
  • Ta vare på nokre blomkålbukettar og kok dei møre for å ha litt å tygge på i suppa.
  • Ha sprøsteikt bacon, skinke i bitar eller steikte pølser til.
  • Brød eller rundstykkjer med smør er godt attåt

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *