Bringebærrand (Frisk bringebærfromasj)

Bringebærrand er kanskje ein litt gløymd dessert og no er det jammen på tide å ta fram att denne nydelege desserten. Han er frisk, fyldig og i tillegg veldig dekorativ. Det er eigentleg ein bringebærfromasj som vert servert i ei randform (sånn rund form med hol i midten) og gjerne fyller holet i midten med mykje friske bær.

Sidan det er ulikt kor syrlege bringebæra kan vere, bør ein smake om ein må justere med litt meir sukker før ein rører inn kremfløyten.

Det beste er å lage bringebærfromasjen dagen før og heller pynte han rett før servering.

Har du ikkje randform så kan du bruke eit par brødformer, vanleg skål eller kakeform i staden. Eller ein kan lage han i porsjonsskåler eller glas.

Denne oppskrifta på bringebærrand er naturleg glutenfri, utan egg og kan lagast utan mjølk.

 

Ingrediensar til rundt 6-8 porsjonar

400 g bringebær, friske eller frosne

Saft av 1/2 sitron

125 g sukker, evt litt meir om bæra er sure

6 plater gelatin

2,5 dl kremfløyte

Friske bringebær til pynt, eg brukte ei heil stor korg på rundt 400 gram

 

Legg gelatinplatene i bløyt i ei skål med kaldt vatn. Køyr bringebær, sitronsaft og sukker saman i ei matmølle eller med stavmiksar. Smak til med meir sukker om det vert veldig syrleg. Sil gjerne blandinga gjennom ei finmaska sikt om du ikkje vil ha bringebærsteinar i fromasjen.

Legg gelatinplatene over i ei kasserolle utan å klemme ut så mykje av vatnet og varm forsiktig opp til gelatinen smeltar. Tøm gelatinen i ein tynn stråle over i bringebærblandinga under konstant omrøring.

Pisk krem av fløyten og rør litt og litt av bærblandinga forsiktig inn i kremen.

Tøm alt saman over i ei form eller skål og sett i kjøleskapet til det har stivna. Eg lot det stå over natta.

For å løsne fromasjen frå forma så kan det vere lurt å sette forma eit lite minutt i varmt vatn før du kvelvar det over på serveringsfatet. NB! ikkje ha forma altfor lenge i det varme vatnet for då smeltar fromasjen og flyt utover. Det skal berre smelte bittelitt akkurat rundt kanten sånn at det løsnar med lyden av eit «sjupp».

Pynt med mykje friske bringebær og gjerne piska krem og riven sjokolade rett før servering.

 

Alternativ
  • Ved å bruke laktosefri kremfløyte vert desserten laktosefri.
  • For mjølkefri versjon så kan ein bruke Gryr eller annan piskbar mjølkefri fløyte. Sjekk i så fall om fløyten er tilsett sukker og reduser sukkermengda litt.
  • Bringebæra kan bytast ut heilt eller delvis med andre bær. Då bør ein smake til med sukker sidan det er ulikt kor syrlege bæra er. Å blande halvt om halvt med jordbær er nydeleg godt.
  • Om ein ikkje vil ha bringebærsteinane så kan ein sile bringebærmosen før ein har i gelatinen.

 

Tips
  • Bringebærrand passar godt som eit friskt og allergivennleg alternativ på kakebordet.
  • Server gjerne kjeks eller julekaker ved sida av.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *