Bringebærsaus til riskrem

Noko ein kan lage i god før jul er bringebærsaus til riskrem og fryse ned. Han held seg uansett nokre dagar i kjøleskapet sånn at ein kan lage han i god tid på førehand. Sausen er frisk og har godt med bringebærsmak.

Eg har tidlegare lagt ut ei oppskrift på jordbærsaus, men mange er vande med bringebærsaus til riskrem og føretrekk det.

Oppskrifta er tilpassa ein pose bringebær som ein finn i frysedisken, men har du sjølvplukka bringebær i frysen er det absolutt best.

 

Ingrediensar til rundt 6 dl saus

400g bringebær, eg brukte frosne

1,5 dl vatn

150g sukker, eg brukte lyst rårørsukker

0,5 ts vaniljepulver eller vaniljesukker

1 ss sitronsaft (kan sløyfast)

 

Ha alle ingrediensane i ei kasserolle og kok forsiktig opp. Rør av og til. La det småkoke nokre minutt og la det avkjøle seg litt. Smak eventuelt til med meir sukker. Bruk gjerne stavmiksar til å køyre sausen glatt, men det går fint utan også. Sil gjennom ei finmaska sikt og press med ei skei slik at berre bringebærsteinane vert att i sikta. Sett sausen til avkjøling og inn i kjøleskapet når han er vorten kald.

 

Alternativ
  • Ein kan bruke dei fleste sortar bær til å lage denne sausen. Men sidan det er ganske ulikt kor sure dei er, må ein smake til med sukker undervegs.
  • Sukkeret kan bytast ut med honning, lønnesirup eller andre sortar søtt. Kor mykje ein treng av dei ulike søtningane er litt usikkert så då bør ein smake seg fram til ein tykkjer at det er passe søtt for sin gane.
  • For sukkerfri variant kan sukkeret bytast ut med lik mengde sukrinmelis.

 

Tips
  • Bringebærsausen passar godt på is eller brownies.
  • Har du saus til overs kan du røre han inn i heimelaga vaniljeis eller bruke han på toppen av vaniljeyoghurt.
  • Server sausen til heimelaga riskrem som også kan lagast mjølkefri om ein treng det.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *