
Eltefrie fine surdeigsrundstykker
Til helgefrukosten passar det godt med eltefrie fine surdeigsrundstykker. Eg set deiga kvelden før og steikjer dei når eg står opp dagen etter. Då har vi rykande ferske rundstykkjer til ein lang frukost med mykje godt pålegg. Sidan dei er eltefrie så tek det ikkje lange tida å lage deiga og ein treng heller ikkje kjøkkensmaskin om ein ikkje har det for handa.
Desse rundstykka er utan mjølk og egg.
Ingrediensar til 13 stykk
1 ss surdeigstartar
3 dl kaldt vatn
1 ts salt
500 g sikta spelt
Ha vatn og surdeigstartar i ein bakebolle. Ha i salt og mjøl og bland det raskt saman. Dekk til bollen med plast og sett til heving i romtemperatur i 8-12 timar. Eg brukar å la det stå over natta.
Form til rundstykker med ei stor skei dyppa i vatn og bruk eventuelt ein slikkepott eller ha litt vatn på hendene for å forme dei litt. Sett dei på ei steikeplate med bakepapir.
Steikast midt i omnen på 225 grader i ca 15 minutt. Avkjøl på rist.
Alternativ
- Ein kan nytte sikta kveitemjøl i staden for sikta spelt.
- Om ein ynskjer kan ein byte ut noko av mjølet med havregryn eller frø.
- Har du ikkje surdeigstartar så kan du bruke 1/2 ts tørrgjær eller ein ertestor klump fersk gjær, og gjerne ein kork eplecidereddik i tillegg. Ein kan også byte ut noko av vatnet med myse for å tilføre fleire mjølkesyrebakteriar.
Tips
- Rundstykka kan gjerne frysast og tinar raskt i omnen på 150 grader.
- Om det ikkje passar å steike rundstykkja morgonen etter så kan ein la deiga stå og heve i kjøleskapet. Då bør ein nok la ho stå i romtemperatur nokre timar før utbaking og steiking.
- Denne oppskrifta på eltefrie fine surdeigsrundstykker kan også brukast til loff. Då kan ein forme deiga forsiktig til eit brød og steike det i rundt 40 minutt.