Eltefrie fine surdeigsrundstykkjer

Eltefrie fine surdeigsrundstykkjer

Til helgefrukosten passar det godt med eltefrie fine surdeigsrundstykkjer. Eg set deiga kvelden før og steikjer dei når eg står opp dagen etter. Då har vi rykande ferske rundstykkjer til ein lang frukost med mykje godt pålegg. Sidan dei er eltefrie så tek det ikkje lange tida å lage deiga og ein treng heller ikkje kjøkkensmaskin om ein ikkje har det for handa.

Desse rundstykkja er utan mjølk og egg.

 

Ingrediensar til 13 rundstykkjer

1 ss surdeigstartar

3 dl kaldt vatn

1 ts salt

500 g sikta spelt

 

Ha vatn og surdeigstartar i ein bakebolle. Ha i salt og mjøl og bland det raskt saman. Dekk til bollen med plast og sett til heving i romtemperatur i 8-12 timar. Eg brukar å la det stå over natta.

Form til rundstykkjer med ei stor skei dyppa i vatn og bruk eventuelt ein slikkepott eller ha litt vatn på hendene for å forme dei litt. Sett dei på ei steikjeplate med bakepapir.

Steikjast midt i omnen på 225 grader i ca 15 minutt. Avkjøl på rist.

 

Alternativ
  • Ein kan nytte sikta kveitemjøl i staden for sikta spelt.
  • Om ein ynskjer kan ein byte ut noko av mjølet med havregryn eller frø.
  • Har du ikkje surdeigstartar så kan du bruke 1/2 ts tørrgjær eller ein ertestor klump fersk gjær, og gjerne ein kork eplecidereddik i tillegg. Ein kan også byte ut noko av vatnet med myse for å tilføre fleire mjølkesyrebakteriar.

 

Tips
  • Rundstykkja kan gjerne frysast og tinar raskt i omnen på 150 grader.
  • Om det ikkje passar å steikje rundstykkja morgonen etter så kan ein la deiga stå og heve i kjøleskapet. Då bør ein nok la ho stå i romtemperatur nokre timar før utbaking og steiking.
  • Denne oppskrifta på eltefrie fine surdeigsrundstykkjer kan også brukast til loff. Då kan ein forme deiga forsiktig til eit brød og steikje det i rundt 40 minutt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.