Eltefrie grove surdeigsrundstykkjer

Eltefrie grove surdeigsrundstykker

Sett deiga til eltefrie grove surdeigsrundstykker på kvelden og ha nysteikte rundstykker til frukost dagen etter. Det går veldig raskt å røre dei saman og eg må innrømme at eg ofte tek ei skei surdeigstartar rett frå kjøleskapet og blandar i deiga sidan det ikkje alltid er slik at eg har surdeigstartaren klar og nymata på benken når eg får lyst til å bake rundstykker.

 

Ingrediensar til rundt 12-14 rundstykker

4 dl kaldt vatn

25 g (ei stor ss) surdeigstartar

1 ts salt

100 g havregryn

200 g sammalen fin spelt

200 g sikta spelt

Ha vatnet i ein bakebolle og rør ut surdeiga. Ha i resten av ingrediensane og bland raskt saman. Det er viktig å ikkje jobbe for mykje med deiga for då vert ho veldig seig og vanskeleg å få laga rundstykker av. Dekk til bollen og set til heving i romtemperatur i rundt 8-12 timar.

Bruk ei stor skei eller ei lita sleiv dyppa i vatn til å sette deiga forsiktig i passe store klattar utover eit steikebrett med bakepapir. Steikast på direkten på 225 grader midt i omnen i rundt 15 minutt. Avkjøl dei litt på ei rist før servering.

 

Alternativ
  • Havregryn og sammalen spelt kan bytast ut med andre typar grovt mjøl.
  • Spelt kan bytast ut med kveitemjøl.
  • Ha ein neve frø som linfrø, solsikkekjerner eller sesamfrø i deiga for ekstra smak.
  • Har du ikkje surdeigstartar kan du nytte ei ts tørrgjær i staden.

 

Tips
  • Lag deiga når det passar i løpet av dagen og set ho direkte i kjøleskapet. Sett det ut på benken ved leggetid så er deiga ferdig heva om morgonen.
  •  Ein kan fint bruke opp ulike smårestar av mjøl og frø som ein har liggande. Då kan det hende at ein må justere litt på mengdene sidan ulike typar mjøl bind meir eller mindre mengder væske.
  • Denne oppskrifta på eltefrie grove surdeigsrundstykker kan også steikast som brød ved å tømme deiga over i ei brødform og la det etterheve ein liten time før steiking.