Enkel mjølkefri vaniljeis

Dette er ein superrask og enkel mjølkefri vaniljeis med kokosmjølk. Det er ei grunnoppskrift som ein kan variere i det uendelege ved å ha oppi det ein ynskjer av smak.

Eg brukte lønnesirup sidan det er flytande og dermed er lett å blande inn i kremen. Men det går heilt fint å bruke sukker, men då kan det hende at ein må piske litt lenger for å få det til å løyse seg opp. Alternativt kan ein piske eggedosis fyrst før ein har oppi kokosmjølka.

Som oftast lagar eg ispinnar av oppskrifta men om ein brukar ismaskin vil ein få ein konsistens som minner meir om softis.

 

Ingrediensar til rundt 5  ispinnar

2,5 dl kokosmjølk (ein kartong), eg brukte Santa Maria si økologiske kokosmjølk

3 eggeplommer

2 ss lønnesirup

3 ts vaniljesukker eller vaniljepulver

 

Ha alle ingrediensane i ein bolle og visp det godt saman. Eg putta alt saman rett i blenderen og lot den køyre nokre minutt. Det skal verte litt luftig, men treng  ikkje verte like tjukt som eggedosis eller krem. Det går fint å bruke handmiksar eller stavmiksar også.

Hell i isformer eller valfri form og sett i frysaren til isen er skikkeleg frosen.

 

Alternativ
  • Lønnesirup kan bytast ut med anna søtt som til dømes kvitt sukker, kokossukker, flytande honning, sukrinmelis, sukrin gold eller rårørsukker.
  • Kokosmjølk kan bytast ut med kremfløyte eller ein laktosefri eller mjølkefri fløyte.
  • For mjølkefri sjokoladeis kan ein ha oppi 2 ss kakao i tillegg.
  • Ein kan røre inn litt peanøttsmør og sjokoladesaus  med ein slikkepott sånn at det vert mjølkefri snickers-is.
  • Smaksvariantar kan vere å ha oppi bitar av sjokolade, nonstop, neter, syltetøy, frukt eller bær.

 

Tips
  • Denne isen kan brukast i iskake eller i milkshake til mjølkefrie variantar.
  • Ein kan lage den italienske desserten Affocato ved å ha mjølkefri vaniljeis i ein kopp eller ei skål og helle ein nylaga espresso over.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.