
Enkelt surdeigsbrød i form
Det er ikkje alltid at eg gidd å bale så mykje med bakinga og då lagar eg heller eit enkelt surdeigsbrød i form. Det går raskt å sette deiga og det hevar direkte i brødforma på kjøkkenbenken. Eg brukar dette som kvardagsbrød sidan det er lite arbeiskrevjande og passe stort til matboksen.
Ingrediensar til eit brød i ei form på 2 liter
4 dl kaldt vatn
50 g surdeigstartar (ca 2 ss)
1 ts salt
50 g havregryn
200 g sammalen fin spelt
350 g sikta spelt
Ha alle ingrediensane i ein bakebolle, hald gjerne litt att på det sikta mjølet i starten, og bland godt saman til ei smidig deig med hendene eller i ei kjøkkenmaskin. Deiga skal ikkje vere klissete så juster med meir mjøl om nødvendig. Ta deiga ut på benken og form til eit avlangt brød. Legg det over i ei godt smurt brødform som tek 1,5 – 2 liter og dekk til. Eg brukar å ha forma i ein brødpose som eg bles opp med litt luft før eg set på ei klemme. Då tørkar ikkje deiga ut i overflata.
Sett til heving i romtemperatur i rundt 8-12 timar. Kor raskt det hevar kjem an på kor varmt det er i rommet. Eg lagar vanlegvis deiga på kvelden og steikjer det om morgonen.
Steikjast nederst i omnen på 200 grader varmluft eller 220 grader over-undervarme i 45 minutt. For ekstra damp så kan ein sette ei lita ildfast form med kokande vatn inn i omnen. Ta gjerne forma med vatn ut det siste kvarteret om du ynskjer ekstra sprø skorpe. Avkjøl på rist.
Sidan steikjeomnar varierer ein del så kan det hende at du kan sette temperaturen litt ned om skorpa vert litt for tjukk eller hard.
Alternativ
- For lysare brød kan ein bruke mindre grovt mjøl og meir sikta mjøl.
- Spelt kan bytast ut med kveitemjøl eller andre mjølsortar. Då er det lurt å prøve seg fram med mjølmengda sidan det er ulikt kor mykje væske dei ulike mjølsortane treng. Konsistensen skal vere slik at deiga ikkje er klissete.
- Ein kan la brødet heve 2-4 timar i romtemperatur og så heve i 12-18 timar i kjøleskapet. Då kan ein steikje det direkte frå kjøleskapet.
- Ynskjer du større brød kan du ha i litt meir væske og mjøl.
- Har du ikkje surdeig kan du nytte 1 ts tørrgjær og gjerne ein klunk eplecidereddik i tillegg. Litt av væska kan bytast ut med kefir eller surmjølk også.
Tips
- Lag klar deiga når som helst på dagen og set forma rett i kjøleskapet. Ta ho til dømes ut på benken om morgonen. Då er brødet ferdig heva utpå ettermiddagen.
- Del brødet opp i skiver før frysing så er det enkelt å ta opp det ein treng.
4 kommentarar
Ørnulf Aasum
Jeg har eksprementert med hydrering og funnet at helt opp til 90% går bra. Da er deigen så tynn at jeg heller den i formene Med 900 gram deig til Ikea brødformer som hever helt til kanten blir det kjempefine brød
Solgåva
Hei!
Det var interessant. Då vert det veldig lettvint brødbakst.
Tusen takk for tipset.
Bjørg Skaug
Enkelt surdeigsbrød i form. Et godt og smakfullt brød som jeg har bakt flere ganger. Jeg tar deigen rett over i godt smurt form og dytter den på plass i formen med vann på hendene. Enda enklere? Hilsen Bjørg.
Solgåva
Det var lurt!
Har planar om å bake dette brødet i dag så då skal eg jammen prøve å ta det rett frå bakebollen over i forma eg også.
Takk for tipset.