
Eplegløgg
Eplegløgg er noko av det eg må ha i adventstida kvart år. Eg er veldig glad i gløgg og lagar gjerne fleire fleire variantar. Heimelaga gløgg er veldig enkelt og i tillegg slepp ein alt sukkeret som er i den ein finn i butikken. Denne varianten er basert på eplemost og er alkoholfri.
Om ein ikkje har eplemost så kan ein nytte saft i staden eller heller prøve oppskrifta mi på blåbærgløgg.
Ingrediensar til 1 liter eplegløgg (4 koppar)
1 liter eplemost (eller sterk saft), eg brukte Aroma frå Hyggen gård.
1 vaniljestang delt på langs
3 stjerneanis
1 kanelstang
10 nellikspiker
1 cm fersk ingefær i skiver
omtrent 1 ss honning til å justere sødme
Kok opp eplemosten og ha oppi krydder. La det stå og trekke i minst ein time eller til kryddersmaken er passe kraftig. Smak til med honning.
Alternativ
- Ulike typar saft kan brukast. For eksempel solbærsaft, blåbærsaft eller appelsinjuice.
- Varier krydderet for å få ulike smakar. Laurbærblad eller heile peparkorn er gode alternativ.
- Saft eller skiver av appelsin eller sitron gjer smaken friskare.
- Bytt ut honning med ein av sukrinvariantane, sukker, sirup eller annan type søtning.
Tips
- Server med hakka mandlar og rosiner
- Lag ein stor porsjon og ha i ei flaske i kjøleskapet. Då er det enkelt å varme oppatt i porsjonar.
- For ein alkoholhaldig variant så kan ein bruke 2 dl rom eller annan sprit. Pass då på å ha det oppi etter at eplemosten har kokt opp for å unngå at alkoholen fordampar.