Eplekake med surdeig

Når ein bakar eplekake med surdeig vert resultatet ei veldig saftig kake, men som likevel vert luftig. Aller best vert kaka om ein nyttar norske epler som er friske og litt syrlege. Eg brukte Summerred denne gongen og dei passa godt til føremålet.

Eg får av og til spørsmål om ein må ha ein surdeigstartar av sikta mjøl til søt og fin surdeigsbakst. Det kan godt hende at ein eigentleg bør ha det, men eg gidd ikkje styre med å ha fleire sortar så eg bakar alt med surdeigstartaren min som eg matar med sammalen fin rug. Det går heilt fint og baksten smakar heller ikkje rug i det heile.

 

Ingrediensar til ei kakeform på 24 cm i diameter

50 g surdeigstartar

1,5 dl (150 g) kald mjølk eller vatn, eg brukte havremjølk

200 g sikta mjøl, eg brukte sikta spelt

200 g sukker, eg brukte rårørsukker

2 egg

150 g smør

1 ts vaniljesukker

1 ts bakepulver

1 ts natron

2-3 epler, kjem an på kor store dei er

Sukker og kanel til å strø over kaka.

 

Bland godt saman surdeigstartar, mjølk/vatn og sikta mjøl i ein bolle og la det stå i romtemperatur i rundt 3 timar. Sett det i kjøleskapet til dagen etter eller la røra stå vidare i romtemperatur i rundt 3-5 timar til om du vil bake ferdig kaka same dag.

Ta deiga ut av kjøleskapet for temperering til ho skal brukast. Smør ei kakeform godt eller kle forma med bakepapir.

Skrell epla, ta ut kjernehuset og del epla i tynne båtar. Smelt smøret og sett det til avkjøling. Pisk egg, sukker og vaniljesukker til eggedosis. Rør eggedosisen inn surdeiga med ei sleiv eller ein slikkepott. Det kan virke litt seigt men det ordnar seg når resten av ingrediensane kjem oppi. Ha i bakepulver og det smelta smøret. Rør inn natron til slutt og bland det godt saman.

Tøm røra over i kakeforma og fordel jamt utover med ein slikkepott. Legg eplebåtane på toppen og strø over kanel og sukker.

Steikjast midt i omen på 180 grader i rundt 45-50 minutt. Brukar du ei mindre form, t.d. 22 cm i diameter så bør kaka steike litt lenger. Avkjøl litt før servering.

Eplekake bakt med surdeig held seg i fleire dagar i kjøleskapet og kan fint frysast.

 

Alternativ
  • Strø gjerne hakka mandlar eller mandelflarn på toppen.
  • Bruk ei teskei kardemomme eller kanel i deiga for meir smak.
  • Kaka vert mjølkefri ved å nytte mjølkefritt margarin og plantemjølk. Om ein nyttar margarin utan salt kan ein godt ha i ei klype salt for å kompensere for dette.
  • Ha gjerne nokre sjokoladebitar eller daimkuler i røra.
  • Epla kan bytast ut med anna frukt som pærer eller plommer.
  • Sukkeret kan bytast ut med Sukrin gold om ein ynskjer å lage surdeigseplekake utan sukker.

 

Tips
  • Server med vaniljeis eller piska krem
  • For å unngå at epleskivene vert brune kan ein presse nokre sitrondråpar over dei.
  • Varm kaka nokre minutt i omnen på 160 grader så vert ho som nysteikt att.
  • Ein kan lage eplemuffins av den same røra. Då held det å steikje dei i rundt 10-15 minutt alt etter kor store formene er.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *