
Fermentert gulrot
Kvar haust når dei norske gulrøtene er i sesong så lagar eg nokre glas fermentert gulrot som står og godgjer seg i kjøleskapet til å ha attåt ulike fiskemiddagar utover vinteren. Smaken er som ein frisk råkostsalat og passar godt til fisk eller i ein enkel salat.
Ingrediensar
1 kg gulrot, gjerne økologiske
Saltlake av 5 dl vatn og 1/2 ss salt
1 kålblad til å dekke på toppen og samtidig tilføre bakteriar som starthjelp til fermenteringsprosessen
Alternativt 1 ss myse eller 1 ss væske frå fermenterte grønsaker om ein ikkje har kålblad.
Lag fyrst saltlaken ved å koke opp vatnet og røre inn saltet. Sett saltlaken til avkjøling til han er romtemperert.
Vask gulrøtene godt og om dei er økologiske kan dei brukast som dei er. Om dei ikkje er økologiske bør dei skrellast for å unngå eventuelle sprøytemiddelrestar som kan forstyrre prosessen. Rasp gulrøtene og ha dei over i eit glas som det er plass til alt pluss at det er nokre centimeter opp til kanten sidan det kan ese ein del undervegs.
Fyll på med saltlake til det dekkjer gulrøtene og legg på kålbladet. Alternativt ha i myse eller lake frå fermenterte grønsaker om du ikkje brukar kålblad. Legg noko tungt oppå som lodd, for eksempel eit lite glas med lok fylt med vatn eller ein godt vaska stein. Dekk til med eit klede og fest med strikk eller hyssing. Sett til fermentering i romtemperatur i 3-5 dagar. Det skummar gjerne litt under prosessen. Smak undervegs og når det smakar friskt og passe syrleg kan loddet og kålbladet fjernast. Ha på tett lok og sett kaldt i kjøleskapet.
Fyll på med meir saltlake om det ikkje vert nok væske til å dekke gulrøtene både undervegs og etter at dei er ferdige.
Fermentert gulrot held seg i månadsvis og smaken vil utvikle seg vidare under lagring.
Alternativ
- Ha gjerne oppi andre grønsaker saman med gulrøtene. Fennikel, kålrot eller vårlauk fungerer for eksempel fint.
- Ha ei ts raspa fersk ingefær eller anna krydder for smaksvariasjon.
Tips
- Fermentert gulrot passar godt til steikt eller bakt fisk.
- Bland inn bitar av appelsin eller eple rett før servering for litt sødme og variasjon.
- Er det lake att etter at gulrøtene er oppetne er den perfekt til å lage dressing til salat eller til å ha på råkost. Ein kan også drikke ein liten skvett kvar dag som ein magestyrkande drikk.
- Myse får ein ved å sile yoghurt naturell gjennom eit klede eller eit kaffifilter.
2 kommentarar
Inger Ludviksen
Enkel og grei forklaring på hvirdan fermentere! Spennende!
Solgåva
Takk! Fermentering kan ein fort verte hekta på. Men det viktigaste er at det smakar nydeleg.