Fermentert ketchup

Fermentert ketchup

Det finst mange gode oppskrifter på fermentert ketchup. Dei fleste inneheld kvitlauk og eg tykkjer at ketchup smakar best utan for mykje krydder utover allehånde som er det krydderet som bidreg til å få den karakteristiske ketchupsmaken.

Det er ikkje nødvendig å følge måla i oppskrifta slavisk. Resultatet vert bra likevel. Sjølv har eg for eksempel hatt litt for lite eplecidereddik, brukt 2,5 glas tomatpure eller mangla litt lønnesirup utan at det har påvirka resultatet noko særleg.

 

Ingrediensar

540 g tomatpure (3 glas)

70 g lønnesirup

15 g (2 ss) eplecidereddik

10 g salt

1 ts allehånde

2 ss startkultur. Kan vere myse, vasskefir, kombucha, lake frå fermenterte grønsaker eller vita biosa (helsekost)

 

Bland alt godt saman i eit stort glas, eg brukte noregsglas på ein liter. Dekk til glaset med eit klede festa med strikk eller bruk loket på noregsglaset utan strikken slik at luft kan sleppe ut utan at det kjem rusk inn. La det stå i romtemperatur i 2 dagar eller til det smakar passe friskt.

Det er betre at det står litt for kort enn litt for lenge sidan det fort kan verte overgjæra og det smakar ikkje spesielt godt. Prosessen fortset også sakte i kjøleskapet så smak alltid på ketchupen før servering. Fordel gjerne i mindre glas med tett lok.

 

Alternativ
  • Ha i chili, raspa kvitlauk eller ulike krydder for smaksvariasjon.
  • Lønnesirup kan bytast ut med for eksempel honning eller rårørsukker.
  • Mengda tomatpure treng ikkje vere heilt nøyaktig. Det går fint både med litt meir og litt mindre.

 

Tips
  • Det er lurt å ha fermentert ketchup over i små glas og sette i frysaren. Då slepp ein å risikere at alt vert overgjæra i kjøleskapet. Då kan ein ta opp nytt etter kvart som ein treng det.
  • Myse får ein ved å sile yoghurt naturell eller kefir gjennom eit klede eller eit kaffifilter.
  • Bland fermentert ketsjup saman med majones og brukt som hamburgerdressing.
  • Bruk ketchupen som saus til pizza eller pasta.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *