Fermentert raudlauk

Fermentert raudlauk

Det er enkelt å lage fermentert raudlauk. Det som tek tid er sjølve fermenteringsprosessen. Det er ikkje det same som sylta raudlauk som er meir søtleg og basert på eddik og sukker. Den fermenterte raudlauken er sprø, litt salt og frisk i smaken. Det passar godt i alt frå salatar, til hamburger, i lauksuppe og oppå leverpostei.

Fermentert raudlauk må ikkje forvekslast med sylta raudlauk som smakar heilt annaleis.

 

Ingrediensar

ca 5 dl saltlake (1/2 ss salt og 5 dl vatn)

4 raudlaukar

Lag saltlake ved å koke opp vatnet og ha i saltet. La det verte avkjølt til minimum romtemperatur.

Del raudlaukane i tynne skiver og ha dei over i eit glas eller ei krukke.  Pakk det godt saman og pass på at det ikkje er lauk langs kanten på glaset. Fyll opp med saltlake til det dekkjer all lauken. Pass på at det er nokre centimeter klaring til kanten for det kan ese og boble litt under fermenteringa. Legg på eit lodd sånn at lauken held seg under væska. Eg brukar som oftast eit lite sylteglas med lok som er fylt opp med vatn. Ein kan også bruke ein liten og tett plastpose med vatn. Dekk til med eit klede med strikk slik at det ikkje kjem til insekt og liknande.

Sett glaset i romtemperatur i rundt 5-7 dagar. Smak gjerne på lauken undervegs og la den stå til du tykkjer det er passeleg syrleg. Ta av loddet, ha på tett lok og sett glaset i kjøleskapet. Den fermenterte raudlauken kan godt stå og modne nokre veker. Då vert smaken litt meir utvikla. Men ein kan også ete han med ein gong.

 

Alternativ
  • Ein kan ha ulike krydder oppi saman med raudlauken. For eksempel laurbærblad, timian, rosmarin eller heile peparkorn.
  • Bruk gjerne økologisk raudlauk, men det er ikkje nødvendig. Men eg vel alltid raudlauk som er dyrka i Noreg.
  • Fyll på med meir saltlake undervegs om det trengst. For saltlake er måla 1 ss salt per liter vatn.

 

Tips
  • Bruk gjerne salt utan antiklumpemiddel og tilsetningsstoff.
  • Når raudlauken er ferdig så kan ein ha han over på fleire mindre glas. Då kan det hende ein må etterfylle med ekstra saltlake.
  • Fermentert raudlauk held seg i månadsvis (og sikkert årevis) så lenge det er væske over lauken og lagra nokolunde kjøleg.
  • Det er godt med denne lauken på hamburger eller der ein vanlegvis ville brukt fersk raudlauk.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *