Fermentert tomatsalsa

Fermentert tomatsalsa er ein relativt enkelt å lage, smakar friskt og er ein fin måte å få i seg litt ekstra fermentert mat på. Ha ei skei eller to på middagstallerken og du får tilført litt ekstra hjelp til fordøyinga som bonus.

Denne oppskrifta er veldig fleksibel og ein kan endre ingrediensane og mengdene etter kva ein har eller likar. Bruk det du har og smak til med salt. Sidan tomatane slepp ein del væske kan det godt smake litt vel salt i starten.

 

Ingrediensar til eit glas som tek omlag 1/2 liter

500 g tomatar,  eg brukte ei blanding av små og store tomatar i ulike fargar

1 paprika, eg brukte ein heil spiss paprika

1 fedd kvitlauk

1/2 raudlauk

1 ss salt, eg brukte 10 gram

1 ss upasteurisert eplecidereddik eller annan startkultur som kombucha, myse, Vita biosa eller væske frå fermenterte grønsaker

Evt eit kålblad til å legge på toppen for å halde bitane nede i væska.

 

Finhakk grønsakene, eller del dei i så store bitar som du ynskjer at salsaen skal innehalde. Vil du ha salsaen heilt glatt kan du bruke stavmiksar, matmølle eller blender.

Det skummar ofte litt når ein rører i salsaen. Det vil gå over når det har stått i ro ei stund.

Ha alt saman over i eit glas og dekk til med eit klede med strikk eller lok utan å skru det heilt fast sånn at eventuell gass slepp ut, Eg brukte eit Noregsglas med lok utan strikk. La det stå i romtemperatur i 2-4 dagar. Smak undervegs og sett i kjøleskapet når det nærmar seg passe syrleg.

Tomatsalsaen held seg minst eit par veker i kjøleskapet.

 

Alternativ
  • Raudlauk kan bytast ut med annan lauk, purre eller vårlauk.
  • For ein litt sterkare variant kan ein ha oppi ein finhakka chili.
  • Litt hakka friske urter som persille, koriander, oregano eller basilikum er fint å bruke som smaksvariasjon om ein har tilgong på det.

 

Tips
  • Fermentert tomatsalsa kan brukast som tacosaus eller til tapas.
  • Restar av tomatsalsaen kan kokast til tomatsaus eller pizzasaus.
  • Dersom det er væske att i glaset kan det blandast med litt kaldpressa olivenolje og ha som dressing på salat eller andre grønsaker.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *