Fine surdeigsrundstykkjer med elting

Fine surdeigsrundstykker

Eg har prøvd mange oppskrifter på fine surdeigsrundstykker men eg har ikkje funne ei oppskrift kor deiga kunne formast etter å ha heva og som ser ut som vanlege rundstykker. Så eg vart utruleg nøgd då eg til slutt fekk det til. Desse vart luftige og samtidig saftige og smakfulle. Dei er visstnok dei beste rundtykka eg har bakt, og eg har bakt ein del rundstykker opp gjennom åra. Det er berre å bake mange med ein gong for desse går unna.

Eg lagar deiga i kjøkkenmaskin, men ein kan også blande for hand. Deiga er utruleg god å jobbe med og vert ikkje særleg klissete.

Desse surdeigsrundstykka kan lagast utan mjølk og egg.

 

Ingrediensar til rundt 25 rundstykker (2 brett)

100 g (rundt 4 -5 ss) surdeigstartar

7 dl kaldt vatn

1 ts salt

1,2 kg sikta mjøl, eg brukte sikta spelt

100 g smør, romtemperert i terningar

Eventuelt eit egg til pensling.

 

Ha vatn og surdeigstartar i ein bakebolle og rør godt. Ha i salt og 1 kg av mjølet. Elt godt og ha i smøret i fleire omgongar slik at det vert arbeidd godt inn undervegs. Ha i resten av mjølet litt etter litt til deiga så fast at ho slepp bollen. Juster med meir mjøl om det trengst. Dekk til bollen med plast og sett til heving i romtemperatur i 6-8 timar, eg lot det stå over natta.

Form til rundstykker og sett på ei steikeplate med bakepapir. Det er ikkje så nøye om dei ikkje er heilt jamne i overflata. Det glattar seg ut under hevinga. Dekk gjerne til med plast eller eit fuktig klede og etterhev i 1-2 timar, eg lot dei stå i 1,5 timar.

Om du vil kan du rett før dei skal steikast lage eit kryss med ein skarp kniv på toppen av kvart rundstykke og pensle med egg.

Steikast midt i omnen på 225 grader i ca 15 minutt. Avkjøl på rist, gjerne under eit klede.

 

Alternativ
  • Bruk mjølkefritt smør og plantebasert mjølk eller vatn for mjølkefrie rundstykker
  • Vatnet kan bytast ut med kald mjølk
  • Strø valmuefrø på toppen etter å ha pensla med egg. Dersom ein ikkje kan ete egg så kan ein pensle med vatn.
  • Ein kan bruke kjøleskapskaldt smør og dele det i små terningar som eltast inn i deiga.
  • Det går også an å ha i klara smør. Då er det lettast å ha det oppi litt og litt med ei skei.
  • Ein kan lage klar deiga, sette ho rett i kjøleskapet og ta ho ut ved leggetid så er det klart til å bake ut dagen etter. Eg har også laga deiga om kvelden og hatt ho ståande i kjøleskapet til dagen etter og teke ho ut før eg gjekk på jobb om morgonen.
  • Om ei hevar i eit litt kaldare rom, til dømes i ei bod eller kjellaren, vil hevetida verte lenger.

 

Tips
  • Oppskrifta kan brukast som grunndeig til det meste av finbakst. Til dømes loff, pølsebrød, hamburgerbrød eller pizzabotn.
  • Rundstykka passar godt attåt for eksempel suppe eller salat.
  • Rundstykka kan godt frysast. Dei vert som nysteikte om ein tinar dei i omnen på rundt 150 grader.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *