Finnbiff

Finnbiff

Det er ikkje så mange år sidan eg åt finnbiff for fyrste gong. Det var med ein viss skepsis sidan eg ikkje er noko særleg glad i vilt. Heldigvis har reinkjøtet ein mild smak som gjer at dei fleste likar det og dette har med tida vorte favorittretten min med vilt.

Reinsdyrskav finn ein i frysedisken og det er fleire ulike merker og variantar å velge mellom. Nokon er berre skav av låret og andre er skav frå heile dyret. Sistnemnde er ofte billegare, men ein kan treffe på litt slintrer her og der. Uansett kva ein vel å bruke så  fungerer begge variantane fint til å lage denne gryta.

Oppskrifta er glutenfri, utan egg og kan enkelt gjerast mjølkefri om ein nyttar plantepasert fløyte.

 

Ingrediensar til 4 store porsjonar

400 g reinsdyrskav (finnbiff)

150 g bacon i bitar, eg brukte ein pakke ferdig skiva bacon som vog 120 g

2 stk sjalottlaukar eller ein vanleg lauk, finhakka

250 g sopp i bitar eller små båtar, eg brukte 5 store champignon

3 middels store gulrøtter i bitar

2,5 dl kraft, buljong eller vatn, eg brukte ferdig viltkraft frå Jacobs

3 dl creme fraiche eller valfri fløyte, eg brukte Gryr i matlaging

12-15 einebær, finhakka

2 ts tørka timian

2 ts salt, smak til

1 ts pepar

evt 1 ss maizena rørt ut i vatn om ein ynkjer å jamne sausen litt.

 

Kjøtet kan brukast rett frå frysaren men eg brukar å halvtine det litt på benken fyrst om eg hugsar på det.

Brun halvparten av kjøtet raskt i ei varm steikjepanne med smør eller olje og ha det over i ei gryte. Gjer det same med den andre halvparten. Steik bacon og ha det også i gryta.

Steik sopp og lauk til lauken er blank og ha det saman med gulrotbitane i gryta. Ha i krydder og kraft og kok opp. Tilsett fløyte/creme fraiche og la det småputre til grønsakene er møre. Smak til om det treng meir salt eller einebær.

Rør ut maizena i litt vatn og ha det i gryta under omrøring og la det koke til det tjuknar.

Ynskjer du meir saus kan du ha i litt ekstra vatn, kraft eller fløyte/creme fraiche.

Serverast med kokte poteter eller heimelaga potetstappe.

 

Alternativ
  • Ha gjerne oppi nokre skiver brunost
  • Nokon likar å ha litt rognebærgele, tyttebærsylte eller ripsgele i sausen for meir sødme.
  • Om ein nyttar fløyte så kan det vere godt med nokre dråpar sitron i sausen.
  • Kjøtet kan bytast ut med skav av andre typar vilt eller lam.
  • Grønsakene kan bytast ut med andre sortar etter kva ein likar og har. Til dømes purre, sellerirot og pastinakk fungerer like godt.

 

Tips
  • Server gjerne finnbiff med godt brød eller rundstykkjer til.
  • Det er godt med litt tyttebærsylte attåt.
  • Enkelte stadar er det visst vanleg å servere finnbiff med rosenkål og riven brunost til utan at eg har testa dette sjølv.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *