Bakt fiskegryte

Fiskegryte bakt i omnen

Å bake fiskegryte i omnen er ein enkel og god måte å lage fisk på. Eg pleier å lage den kvelden før med frosen fisk og har det klart i kjøleskapet slik at det berre er å slenge forma i omnen dagen etter.

 

Ingrediensar til 4 porsjonar

3 gulrøter i litt tynne bitar
1 fennikel i tynne skiver
1 liten purre i strimlar eller ringar
250 g beinfri torskefilet i bitar
250 g beinfri laksefilet i bitar
4 ss smør
2 ts sitronsaft (kan sløyfast)
2 ts salt
litt pepar

 

Bruk ei eldfast form med lok eller bruk aluminiumsfolie om du ikkje har lok til forma. Ha gulrøtter, fennikel, og purre i forma og legg fisken på toppen. Dryss på salt og pepar. Legg klattar med smør rundt fisken og ha i sitronsafta.
Ha på loket på forma og sett i omnen. La det stå i ca 30-40 minutt (eller til gulrøtene er ferdige) midt i omnen på 180 grader. Bruk gjerne varmluft.

 

Alternativ
  • Bytt ut torsk og laks med andre fisketypar.
  • Grønsakene kan varierast etter smak eller det ein har i kjøleskapet.
  • For mjølkefri variant så bruk mjølkefritt smør.
  • Ha i 1-2 ss creme fraiche for ein krema variant.

 

Tips
  • Lag prosjonspakkar i aluminiumsfolie i staden for i eldfast form.
  • Ha på godt med salt på fisken og la det stå i rundt 15 minutt og skyll av saltet i rennande vatn. Då vert fisken fastare og dett ikkje så lett frå kvarandre. Det kan vere lurt å redusere litt på saltet i oppskrifta om ein brukar denne metoden.
  • Potetstappe, kokte poteter eller pasta passar godt attåt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.