Flygande jacob

Flygande Jacob

Flygande Jacob er ein svensk rett som visstnok vart funne opp av ein svenske som heitte Jacobsson og jobba med flyfrakt. Det er ein middagsrett som kan varierast etter kva ein likar og har i huset. Det er fin rett å servere gjestar sidan ein kan gjere klart forma på førehand og berre setje i omnen når gjestane kjem. Opprinneleg skal bananane og peanetene blandast i forma men eg likar best å servere dette i salaten.

Forma er utan gluten og egg, og kan enkelt gjerast mjølkefri.

 

Ingrediensar til 4 personar

600 g svinekjøt i små bitar, eg brukte røkt svinekam

2-3 ts italiensk krydder eller ei blanding av tørka krydder som basilikum, oregano, salvie og kvitlauk

Salt og pepar (rundt 0,5 ts salt og 0,5 ts pepar)

1 flaske chilisaus (Heinz 340 gram)

3 dl kremfløyte

 

Salat:

1 isbergsalat eller annan salat

4 bananar i skiver

1 pose peaneter

 

Steik kjøtet og ha på krydder. Smak til med krydder og salt. Det kan godt vere litt godt krydra.

Pisk fløyten til krem og bland forsiktig inn chilisausen. Legg kjøtet i ei eldfast form og bre over kremen. Pass på at det er nokre cm klaring opp til kanten på forma for det bles seg litt opp i løpet av steikjetida.

Steikjast på 200 grader midt i omnen i rundt 30 minuttar eller til overflata går frå glatt til nærmast litt krakelert.

Bland saman salat, bananar og peaneter.

Server med kokt ris attåt.

 

Alternativ:
  • Ein kan bruke strimla svinekjøt eller marinert kjøt for smaksvariasjon.
  • Ein kan byte ut svinekjøtet med kylling, gjerne ferdiggrilla kylling om det skal gå fort.
  • Kan ein ikkje ete banan eller peaneter så kan det erstattast med melon og druer i staden.
  • For mjølkefri variant kan ein nytte vegansk piskbar fløyte som Gryr frå Sunniva. Alternativt kan ein bruke plantebasert matfløyte og droppe å piske til krem. Berre blande fløyte og chilisaus og helle i forma.
  • Har du restar av kalkun eller ovnsteikt kylling er dette ein fin måte å bruke opp restar på.
  • For vegansk versjon kan ein byte ut kjøtet med kikerter.

 

Tips:
  • Kokt quinoa eller heimelaga potetstappe kan erstatte ris attåt.
  • Server gjerne med eit godt brød med smør på.
  • Kok gjerne risen i kraft for å gjere den meir næringsrik.
  • Ha litt sitronsaft på bananbitane så vert dei ikkje så lett brune.
  • Eg har sett mange ulike variasjonar av Flygande Jacob. For eksempel med ingrediensar som rosiner, ananas, bacon, sopp, paprika, lauk, brokkoli og karri. Den kan altså tilpassast den enkelte sin smak.
  • Dobbel porsjon passar til ei stor langpanne.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *