
Fotballgryte
Namnet fotballgryte kjem frå at eg lagar denne gryta på fredag for at vi skal ha middag heile helga sånn at eg kan glane på alle fotballkampane i Premier League utan avbrot. Her har eg brukt kjøtdeig av lam fordi det gir ein ekstra god smak på gryta. Ingredienslista kan sjå relativt lang ut, men mykje av det er krydder.
Ein kan gjerne bruke andre variantar av kjøtdeig og grønsaker enn det eg har gjort her. Det er også perfekt å bruke opp det ein har av grønsaksrestar i kjøleskapet. Om du ikkje skal sjå like mange fotballkampar som det eg gjer i løpet av ei helg, så kan gryta frysast ned sånn at du har kjappe middagar å varme opp seinare.
Gryta er naturleg glutenfri og kan enkelt gjerast mjølkefri.
Ingrediensar til 8 porsjonar
800 g kjøtdeig, eg brukte lammekjøtdeig
1 stor lauk, eg brukte raudlauk
3 store gulrøtter
2 store paprika, eg brukte ein raud og ein gul
6 store champingnon
2 fedd kvitlauk
1 liten boks maiskorn, rundt 140 gram
2 ss tomatpure
1 boks hakka tomatar, rundt 400g
2,5 dl kraft, eg brukte lammekraft frå Jacobs
3 dl fløyte
2 ss tørka oregano
1 ss tørka basilikum
1 ss paprikapulver
3 ts spisskummen
1 ts malen pepar
1 ss salt (smak til)
Litt smør eller olje til steiking
Eg brukar som oftast ei stor jerngryte når eg lagar fotballgryte, men du kan også bruke steikepanne og ha det fortløpande over i ei stor kasserolle
Start med å gjere klar alle grønsakene. Finhakk kvitlauken. Resten av grønsakene delast i bitar, sånn omtrent litt større enn maiskorna, eller i den storleiken du ynskjer.
Steik kjøtdeiga i to omgongar og sett til side. Steik lauk og sopp slik at lauken vert blank og soppen slepp litt væske. Fres raskt dei andre grønsakene og ha i tomatpureen. Putt kjøtdeiga attende i gryta. Ha i kryddera, hakka tomatar og kraft. La det få eit oppkok før du har i fløyten. La det så stå og småkoke på lav varme til gulrotbitane er møre. Smak til med meir salt og krydder om det trengst.
Serverast med kokt ris.
Alternativ
- Ein kan byte ut fløyten med creme fraiche.
- For laktosefri variant kan ein bruke laktosefri fløyte eller laktosefri creme fraiche.
- Gryta vert mjølkefri ved å nytte mjølkefri fløyte som til dømes Gryr eller havrefløyte frå Oatly. Då må ein også steike i olje eller mjølkefri margarin.
- Du kan jamne gryta med 2-3 ss Maizenna rørt ut i vatn om du ynskjer tjukkare konsistens.
- Bruk gjerne andre krydder om du ynskjer det. Til dømes litt salvie eller gurkemeie kan passe godt.
Tips
- Server gjerne gryta med andre alternativ enn ris attåt. Quinoa, byggris, havreris eller potetstappe er gode variantar.
- Anna som passar til Fotballgryte er godt brød, rundstykker eller focaccia.
- Ynskjer du endå meir grønsaker i måltidet kan du lage ein enkel salat attåt i tillegg.
- Gryta kan gjerne lagast dagen før om du skal ha gjestar.


