Granola

Granola – Heimelaga frukostblanding

Heimelaga granola er veldig raskt å lage og det er lett å variere etter kva ein har i skuffer og skap. Ein kan også ha i ulike krydder for å få ulike smaksvariantar. Eg tykkjer at denne granolaen er så god at eg stadig er i skapet og tek meg ei skei som snop.

Denne oppskrifta er også relativt allergivennleg sidan ho er utan egg, mjølk og gluten og i tillegg utan neter.

 

Ingrediensar til rundt ein liter granola

1 dl vatn
2 ss honning
0,75 dl olje (eg brukte kokosolje)
1 ts salt
9 dl ulike frø, kjerner, havregryn, mandlar eller neter

Eg brukte denne blandinga:
3 dl glutenfrie havregryn
1 dl linfrø
2 dl sesamfrø
3 dl solsikkekjerner

Bland alt saman i ein bakebolle og la det stå og trekkje i 30 minutt.
Spre det utover i ei langpanne med bakepapir og steik blandinga midt i steikjeomnen på 180 grader i rundt 20 minutt. Følg godt med på slutten sånn at det ikkje vert brent. Rør om av og til. Ta ut av omnen og la det avkjøle seg skikkeleg. Lagre tørt i eit glas med lok eller ein tett boks.

 

Alternativ
  • Bruk 1 dl kokosmasse eller 1 ts kanel i blandinga.
  • Sukrin gold eller Fiberirup kan nyttast i staden for honning for å få ein sukkerfri variant.
  • Bruk eplejuice i staden for vatn for endå søtare smak.
  • Honninga kan også sløyfast eller byttast ut med sirup, lønnesirup, brunt sukker eller kokossukker.
  • Rør inn hakka mørk sjokolade, rosiner eller anna tørka frukt etter at blandinga er avkjølt.
  • Er det vanskeleg å røre ut honninga så bruk varmt vatn.
  • Olje kan bytast ut med smelta smør.

 

Tips
  • Legg yoghurt, granola og eplemos eller anna sylte lagvis i eit glas og bruk som ein enkel dessert.
  • Bruk granolaen saman med smelta smør til botn i ostekaker

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *