Fylt squash

Fylt squash

Fylt squash er ein enkel måte å få i seg litt ekstra grønsaker på. I tillegg kan vere ein fin måte å bruke opp restar av kjøt og grønsaker ein eventuelt har i kjøleskapet. Eg lagde ein tacokrydra variant denne gongen, men ein kan bruke det ein ynskjer av krydder og fyll. I oppskrifta er det rekna ein halv squash per person men om ein ikkje har noko attåt kan det hende at det vert litt lite og ein bør rekne ein heil per person.

Fylt squash er naturleg glutenfritt og utan egg. Om ein nyttar vegansk ost vert det også mjølkefritt.

 

Ingrediensar til 4 porsjonar

2 middels store squash

400 g kjøtdeig

1 lauk eller liten purre

1 liten boks hermetisk mais

1 pose tacokrydder eller 2 ss krydderblanding og 1 ss potetmjøl

1 ts salt

150 g riven ost

 

Del kvar squash i to og grav ut det mjuke i midten med ei skei.  Sett dei halve squashane i ei eldfast form.

Steik kjøtdeig og lauk. Ha i mais, krydder og innmaten frå squashane. Dersom det vert veldig blautt kan det stå og putre litt sånn at litt av væska fordampar. Smak om det trengst meir salt eller krydder. Det skal vere litt godt krydra sidan squashen dempar litt av smaken.

Fordel kjøtfyllet over i dei halve squashane med ei skei og strø på riven ost.

Steikjast midt i omnen på 200 grader i rundt 20 minutt.

 

Alternativ
  • Bruk gjerne andre sortar krydder og smak til. For eksempel pizzakrydder eller grillkrydder. Eg brukar ofte eit fedd kvitlauk saman med kjøtdeiga.
  • Kjøtdeiga kan vere av storfe, svin, kylling eller lam.
  • Ein kan nytte andre sortar grønsaker og kjøt i fyllet alt etter kva ein har i huset eller likar.
  • Ha ulike ostar på. For eksempel litt parmesan eller fetaost er godt.
  • For mjølkefri variant kan ein enten droppe osten eller bruke vegansk ost som smeltar. Violife eller go’vegan fungerer fint.
  • Har du restar av gryterett eller pizzafyll kan det brukast som fyll.
  • Restar av kokt ris, pasta eller quinoa passar godt å blande inn i fyllet.

 

Tips
  • Server med  nachos, rømme og salsa eller tacosaus.
  • Brød eller rundstykkjer er godt ved sida av.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *