
Glutenfrie bollar
Det er ikkje heilt enkelt å få til glutenfrie bollar eller glutenfri gjærbakst generelt. Det kan fort verte nokre flate og tørre greier som ingen orkar å ete. Eg har laga min del med mislukka bakst som eg likevel har servert dei stakkars allergikarane. Derfor vart eg glad då eg fekk til denne oppskrifta. Det er ei ganske enkel grunnoppskrift som kan brukast som utgangspunkt til andre variantar. Som dei fleste glutenfrie bollar så er dei best når dei er ferske og bør heller frysast og tinast i omnen att om dei skal etast seinare.
Oppskrifta er enkel å gjere mjølkefri og er utan egg om ein droppar å pensle med det.
Ingrediensar til rundt 15 bollar
4,75 dl valfri mjølk
75 g smør
1 pk gjær
1 ss fiberhusk (10 gram)
75 g sukker
1 ts kardemomme
500 lyst glutenfritt mjøl, eg brukte Schär bread mix B
Eventuelt eit egg til pensling
Smelt smøret i ei kasserolle og ha i mjølka. Varm opptil 37 grader og løys opp gjæra. Pisk fiberhusk inn i gjærblandinga og la det svelle i 10 min.
Bland det tørre og elt det inn. Elt godt i 5-10 min, gjerne i maskin.
Form til bollar med litt olje eller vatn på hendene og sett dei på eit steikjebrett med bakepapir. Dekk til med plast eller eit fuktig klede og la dei heve i ein time. Pensle med egg og steik i 12-15 minutt på 220 grader midt i omnen. Bollane vert litt lyse i fargen, spesielt om ein ikkje penslar dei.
Alternativ
- For eggefri variant så kan ein droppe å pensle med egg eller pensle med litt valfri mjølk eller vatn.
- Bruk laktosefri eller laktoseredusert mjølk og for å gjere oppskrifta laktosefri
- Bollane vert mjølkefrie ved å bruke plantemjølk og smør utan mjølk. Ha gjerne i ei klype salt om smøret er utan salt.
- Ein kan nytte andre typar lyst glutenfritt mjøl som Semper fin eller Toro lys mjølblanding. Men då er det viktig å følge med på konsistensen på deiga. Ho skal vere litt klissete sånn at ein må ha litt olje eller vatn på hendene for å kunne forme bollane.
Tips
- Bollane kan godt frysast og tinar raskt i steikjeomnen på rundt 150 grader.
- Schär bread mix (B) får ein kjøpt i Coop sine butikkar.
- Dersom bollane sprekk opp under steikjing har dei truleg heva for lite. Pass på at dei står lunt. Ein kan gjerne sette dei til heving på varmekablar eller en annan varm plass.
- Del kvar bolle i to og grav ut litt av innmaten. Fyll med vaniljekrem, sett bollen saman att og ha sjokoladeglasur på toppen. Då vert det noko som kallast Sørlandsboller.
- Det er ei lita gruppe på Facebook for tips og oppskrifter utan egg, mjølk og gluten.