
Glutenfrie fine rundstykker
Dette er ei enkel oppskrift på glutenfrie fine rundstykker som også kan lagast utan mjølk og egg. Dei vert mjuke og litt seige, og kan etast rykande ferske med berre smør eller godt pålegg på. Dei er også fine å servere til for eksempel salatar, gryterettar eller supper.
Dersom du ikkje orkar å vente på at rundstykka skal heve så kan du prøve oppskrifta på glutenfrie scones i staden.
Ingrediensar til 10 glutenfrie fine rundstykker
3 dl valfri mjølk
1/2 pk gjær
1 ss fiberhusk
2 ss olje
200 g lyst glutenfritt mjøl, eg brukte Semper fin miks.
Eventuelt eit egg til pensling
Varm opp mjølka til litt under fingervarmt og ha det over i ein bakebolle. Ha i gjær og rør med ein visp til det har løyst seg nokolunde opp. Visp inn fiberhusk og la det svelle i 5 minutt. Bland inn olje og glutenfritt mjøl og elt godt. Deiga skal vere ganske klissete. Form til rundstykker ved å ha vatn eller olje på hendene. Alternativt kan ein bruke ein sprøytepose. Eg hadde ei skål med vatn som eg dyppa både hendene og ei skei oppi før eg forma kvart enkelt rundstykke. Sett rundstykka på ei steikeplate med bakepapir og dekk til med plast. Sett til heving i rundt ein time og pensle eventuelt med egg rett før dei skal inn i omnen.
Steikast midt i omnen på 225 grader i 10 -12 minutt. Avkjølast på rist.
Alternativ
- For mjølkefri variant så bruk vatn eller plantebasert mjølk.
- Rundstykka vert laktosefrie ved bruk av laktosefri mjølk
- Oljen kan bytast ut med smelta smør eller mjølkefritt margarin.
- Ein kan bruke ulike typar glutenfrie mjølblandingar eller ha i litt frø eller havregryn for litt grovare variant.
- Ein kan bruke kald væske. Då bør hevetida vere rundt 2 timar etter utbaking.
- Ein kan strø valmuefrø på toppen om en ynskjer det. Då bør ein pensle med enten egg eller vatn før ein har på frøa slik at dei heng fast.
Tips
- Runstykka kan gjerne frysast og tinar raskt i omnen.
- Oppskrifta kan brukast til å lage små baguettar, pølsebrød eller hamburgerbrød.