
Glutenfrie grove rundstykker
På frukostbordet til allergikarane er det populært med glutenfrie grove rundstykker. Dei har litt smak og er både saftige og luftige når dei er ferske eller tinte i omnen. Som all anna glutenfri bakst så vert det tørt med tida, men dei held seg ei stund. Ynskjer du å lage ein fin variant så har eg også ei oppskrift på glutenfrie fine rundstykker.
Denne oppskrifta på glutenfrie grove rundstykker er også utan egg og mjølk.
Ingrediensar til eit brett (ca 12 stk)
5 dl vatn, fingervarmt
1/2 pk gjær
1 ss fiberhusk
1 ss chiafrø (kan sløyfast)
1/2 ts salt
3 ss smelta mjølkefritt smør eller olje
1 ts honning (kan sløyfast)
50 g glutenfrie havregryn
100 bokkveitemjøl
350 g grov eller fin glutenfri mjølblanding, eg brukte halvt om halvt med Semper fin og grov glutenfri mjølblanding
Ha vatnet i ein bakebolle og rør ut gjæra. Pisk inn fiberhusk og la det stå og svelle i 5 minutt. Ha i resten av ingrediensane og elt godt saman til ei klissete deig. Bruk ei skei dyppa i vatn og form til rundstykker. Sett dei utover ei steikjeplate med bakepapir. Dekk til med plast og sett til heving i rundt 40 minutt. Pensle med litt vatn og strø gjerne litt valmuefrø eller havregryn på toppen til pynt.
Steikast midt i omnen på 225 grader i ca. 15 minutt. Avkjøl på rist og gjerne under ei klede.
Alternativ
- Mjølet og havregryna kan bytast ut med andre sortar. Det skal til saman vere rundt 500 gram.
- Treng det ikkje vere mjølkefritt kan ein nytte vanleg smør.
- Om det ikkje skal vere utan egg så kan ein pensle rundstykka med samanvispa egg før steikjing.
- Ein kan lage kaldheva glutenfrie grove rundstykker. Då brukar ein 1/2 ts tørrgjær og kaldt vatn. Så kan dei heve under plast på steikebrettet over natta før steiking.
Tips
- Lag dobbel eller trippel oppskrift og frys ned. Dei tinar raskt i omnen.
- Rundstykka er gode både med pålegg eller attåt salat eller suppe.
- Ein kan bake brød av same oppskrifta. Då steikast det nederst i omnen på 200 grader i rundt 45 minutt.