
Glutenfrie frøknekkebrød
Dette er glutenfrie frøknekkebrød som er tynne og sprø og ikkje minst er enkle å lage. Dei kan også varierast etter kva ein til ei kvar tid har liggande av frø og neter. Eg pleier som oftast å lage den magevennlege varianten med bløytlegging som står under alternativ sidan den framgongsmåten gjer at dei vert endå meir smakfulle og sprø. I tillegg slepp ein å verte steintung i magen om ein har ein sensitiv mage.
Oppskrifta er også utan egg og mjølk.
Ingrediensar til ei steikjeplate
100 g solsikkekjerner
25 g linfrø
25 g sesamfrø
30 g glutenfrie havregryn
1 ts salt
5 g fiberhusk
3 dl vatn
Bland alt saman i ein bakebolle og la det stå og svelle i minimum 10 minutt. Fordel massa jamnt utover ei steikjeplate med bakepapir.
Steikast midt i omnen på 160 grader i 1 time og 15 minuttar. Etter 10 minuttar av steiketida: rut opp med pizzahjul i passe bitar. Om knekkebrøda ikkje er sprø når tida er ute så må dei stå litt til. Dersom dei vert veldig brune så skru temperaturen ned til rundt 125 grader.
Avkjøl på rist og ha ei i ein tett boks.
Alternativ
- Havregryna og frøa kan bytast ut med andre ting som grovhakka mandlar, chiafrø, neter og graskarkjerner
- Om ein ikkje treng å lage glutenfrie knekkebrød så bruk vanlege havregryn eller byt ut litt av frøa med havrekli eller kruskakli.
- For å få dei meir magevennlege så bland saman alt unntatt fiberhusk og la det stå i 8-12 timar (over natta). Ha gjerne ei ts startkultur oppi som for eksempel surdeigstartar, Vita Biosa, vasskefir, kombucha eller eplecidereddik om ein har. Dagen etter tek ein oppi fiberhusk og let det svelle i 15 minutt til før steiking.
Tips
- Ein kan lage dobbelt porsjon og steikje begge bretta på same tid. Då er det best med varmluft og det må bytast plass på bretta minst to gongar undervegs og gjerne opne omnsdøra av og til for å sleppe ut dampen. Eg pleier å byte plass kvart 20 minutt.
- Det kan også vere godt å kverne litt av frøa i f.eks ei lita kjøkkenmaskin på stavmiksar, kaffikvern eller blender.
- Ha i litt honning for søtare knekkebrød
- For meir smak og variasjon kan ein ha oppi tørka urter og strø over maldonsalt.
- Server knekkebrødbitar til dipp eller som kjeks til ost.
- Knus knekkebrød over yoghurt saman med litt bær.