Glutenfrie serinakaker utan egg og mjølk

Allergivennlege glutenfrie serinakaker utan egg og mjølk som er relativt raske å lage og som er enkle å få til. Denne gongen tok eg utgangspunkt i ei oppskrift utan egg og mjølk eg fann på bloggen Mat for alle og bytta ut kveitemjølet med glutenfri mjølblanding.

Desse går unna, også hos dei som ikkje treng allergikost, så ein kan godt lage dobbel porsjon med det same. Kakene held seg også ganske lenge i kakeboksen sånn at ein kan lage dei i god tid før jul også.

Sjølv om det er glutenfrie serinakaker utan egg og mjølk så er dei likevel ikkje smulete eller skjøre i konsistensen og held seg like fint som vanlege serinakaker.

 

Ingrediensar til rundt 40 stykk

150 g mjølkefritt smør, romtemperert, eg brukte Melange utan mjølk.

100 g sukker

2 ts bakepulver

250 g Toro fin kakemiks

2 ts vaniljesukker

2 ss vegansk yoghurt naturell, eg brukte kokosyoghurten til Coop

 

Til pensling:

3 ss vatn

1 ss potetmjøl

 

Pynt:

0,5 dl hakka mandlar (kan sløyfast)

Litt perlesukker

 

Bland smør, sukker og bakepulver i ein bakebolle og smuldre det saman med hendene eller ein slikkepott.

Ha i vaniljesukker, mjøl og yoghurt og bland godt til ei jamn og smidig masse. Dersom det vert for tørt kan det verte vanskeleg å forme deiga og kakene sprekk opp i kantane, så ha i litt meir yoghurt om det er smulete. Vert det veldig klissete så ha i litt meir mjøl.

Del deiga i to og trill ut til to pølser på rundt 2 cm i diameter. Del opp i skiver og trill desse til kuler. Legg kulene med litt avstand på eit stekjebrett med bakepapir. Klem dei litt ned med ein gaffel.

Bland vatn og potetmjøl og pensle kakene med dette. Strø på perlesukker og hakka mandlar.

Steikjast på 200 grader midt i omen i 8-12 minutt til dei er litt gyldne i fargen.

Avkjøl på rist og ha dei over i ein tett boks når dei er kalde.

 

Alternativ
  • Bruk gjerne meierismør og vanleg yoghurt om det ikkje er nødvendig med mjølkefrie kaker.
  • Ein kan bruke vanleg kveitemjøl om det ikkje må vere glutenfritt.
  • Sukkeret kan bytast ut med rårørsukker eller ein sukrinvariant
  • Pensle med samanvispa egg om det ikkje treng å vere eggefritt.

 

Tips
  • Vert det mange serinakaker til overs etter jula kan dei knusast og brukast til kakebotn i fromasjkaker eller som strø i tilslørte bondepiker.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *