
Glutenfrie surdeigsbollar
Det er mogeleg å lage glutenfrie surdeigsbollar som både er gode og luftige. Det tek litt tid, men er absolutt verdt det. Dei passar godt som fastelavnsbollar eller rosinbollar også.
Eg er ikkje heilt ferdig med å eksperimentere med hevemåten i denne oppskrifta, men enn så lenge har eg funne ut at å heve i romtemperatur gir det beste resultatet. Om du testar ut andre måtar å heve på så kan du gjerne sende meg ei melding om korleis det gjekk.
Ein kan elte saman deiga for hand, men bruk gjerne kjøkkenmaskin når du lagar deiga for å få arbeidd det skikkeleg saman og tilføre ekstra luft i deiga. Eg brukar som oftast K-kroken til glutenfri bakst sidan konsistensen på er litt annleis enn når ein bakar med glutenhaldige mjølsortar.
Denne oppskrifta på glutenfrie surdeigsbollar kan lagast utan egg og mjølk om ein treng det.
Ingrediensar til rundt 12 middels store bollar
3,5 dl kald mjølk eller vatn
100 g glutenfri surdeigstartar
12 g fiberhusk/ malen psyllium
75 g sukker
2 ts kardemomme
75 g smør
425 g Schär bread mix (Mix B)
Litt glutenfritt mjøl til utbaking
Egg eller mjølk til pensling
Smelt smøret og la det avkjøle seg litt. Bland saman mjølk og surdeigstartar i ein bakebolle. Pisk inn fiberhusk med ein handvisp og la det stå og svelle eit minutt. Ha i sukker og kardemomme. Rør så inn det smelta smøret. Ha gradvis i mjølet og elt godt til ei jamn deig. Deiga kan godt vere litt klissete. Dekk til bollen og sett til heving i romtemperatur i 2-3 timar.
Ha litt glutenfritt mjøl på benken og elt det saman med deiga om ho er for klissete til å handtere. Trill til ei lang pølse og del opp i bitar. Trill desse til bollar og sett på eit steikebrett med bakepapir. Dekk til med plast eller eit fuktig klede og sett til heving i rundt 3-4 timar.
Pensle med egg eller valfri mjølk. Steikast på 225 grader midt i omnen i rundt 15 minutt. Avkjøl på rist.
Alternativ
- For mjølkefrie bollar kan smøret bytast ut med mjølkefritt margarin. Eg brukte melange utan mjølk og hadde i ei ekstra klype salt sidan margarinet er utan salt.
- Mjølk kan bytast ut med plantebaserte alternativ om ein ikkje brukar vatn.
- Ha i 100 gram rosiner for å lage rosinbollar.
- Ein kan lage sjokoladebollar ved å ha i sjokoladebitar når ein bakar ut bollane.
- Om ein droppar å pensle med egg vert bollane eggefrie.
Tips
- Oppskrifta på glutenfrie surdeigsbollar kan også brukast til kanelsnurrar, skulebollar, kringle eller annan søt bakst.
- Frys ned bollane som er til overs og tin dei i omnen på rundt 160 grader i nokre minutt så vert dei som nybakte.