Glutenfrie surdeigspannekaker

Glutenfrie surdeigspannekaker

Det går raskt å røre saman glutenfrie surdeigspannekaker på kvelden og ha nysteikte pannekaker til frukost dagen etter. Dette er små amerikanske pannekaker men ein kan ha i meir væske om ein vil ha meir tradisjonelle store  og tynne pannekaker.

Pannekakene kan også lagast utan mjølk.

Ingrediensar til rundt 20 små pannekaker/lappar

3 dl kaldt vatn

1-2 ss glutenfri surdeigstartar

150 g Helios glutenfri lys bakemiks

3 egg

1 ts bakepulver

1 ts salt

50 g smør

2 ss lønnesirup eller anna søtt (kan sløyfast)

1 ts kanel (kan sløyfast)

(1/4 ts natron om pannekakene er for syrlege)

Ha vatn, surdeigstartar og mjøl i ein bolle og bland godt. Dekk til og la det stå i romtemperatur i 8-14 timar. Røra kjem til å svelle mykje og verte nesten like tjukk som ei deig.

Rør godt inn resten av ingrediensane rett for steikjing og steik pannekakene på middels varme.

Alternativ

  • For mjølkefrie pannekaker kan ein nytte mjølkefritt smør eller nøytral kokosolje.
  • Helios glutenfri lys bakemiks kan bytast ut med andre glutenfrie mjølblandingar men då må ein truleg bruke meir mjøl fordi Helios si blanding krever meir væske enn andre mjølblandingar.
  • Vatnet kan bytast ut med mjølk av valfri sort.
  • Ein kan ha i meir vatn om ein ynskjer heilt tynne pannekaker.
  • Det skal vere mogeleg å bruke lake frå kikerter på boks i staden for egg men dette har eg ikkje prøvd her. Men om nokon har lyst til å prøve så reknar ein 3 ss kikertlake i staden for eit egg.
  • Har du ikkje surdeig kan du bruke 1-2 skeier med eplecidereddik i staden. Eller berre røre saman alt og la det stå og trekkje i ein halvtime før steikjing.

Tips

  • Om ein ikkje har natron i røra held ho seg ei stund i kjøleskapet.
  • Pannekakene kan varmast oppatt om ein ikkje et opp alle med ein gong.
  • Glutenfrie surdeigspannekaker passar godt til niste sidan dei ikkje vert så fort tørre som anna glutenfri bakst.