Glutenfritt surdeigsbrød med havre og solsikkekjerner

Glutenfritt surdeigsbrød med havre og solsikkekjerner

Frida, den glutenfrie surdeigstartaren min, har eg denne gongen brukt til å lage eit glutenfritt surdeigsbrød med havre og solsikkekjerner. Dette er eit enkelt brød å bake sidan det ikkje treng å eltast noko særleg. Eg har laga det både for hand og i kjøkkenmaskin og begge deler gjekk fint. Har du ikkje gryte kan du bruke to brødformer på 1,5 liter i staden. Korleis ein gjer dette står nederst i dette innlegget.

Dette brødet er i tillegg til å vere glutenfritt også utan mjølk og egg.

 

Ingrediensar til eit stort grytebrød

7,5 dl kaldt vatn

50 g glutenfri surdeigstartar

50 g smelta mjølkefritt smør eller olje

12g fiberhusk

50 g glutenfrie havregryn

2 ss solsikkekjerner

200 g Helios mørk mjølblanding

50 g jyttemjøl (Arv)

200 g Semper grov mjølblanding

250 g Semper fin mjølblanding

 

Bland saman vatn, surdeigstartar og smør/olje i eit litermål. Bland alle dei andre ingrediensane i ein bakebolle og ha i væska. Rør det godt saman sånn at det ikkje vert klumpar. Bruk gjerne kjøkkenmaskin, eg brukte Kenwood med k-krok, og la det køyre på middels fart i 5 minutt.

Dekk til bakebollen og sett til heving i romtemperatur i 8-10 timar.

Ha bakepapir i ein stor bakebolle og tøm deiga over i bakepapiret. Sett til etterheving i rundt ein time i romtemperatur.

Sett ei støypejernsgryte med lok i kald steikjeomn og sett omnen på 230 grader. Når omnen er varm så ta ut gryta og ha deiga over i gryta ved å løfte i bakepapirhjørna. Sett på loket og ha gryta attende i omnen. Steik i 30 minutt. Skru temperaturen ned til 200 grader og ta av loket. Steik vidare i 20 minutt eller til kjernetemperaturen er rundt 97 grader.

 

Alternativ
  • Mjølet kan bytast ut med andre glutenfrie mjølblandingar. Berre pass på at konsistensen er litt klissete så ha i meir vatn om deiga vert veldig fast.
  • Havregryn og solsikkekjerner kan bytast ut med andre typar frø eller mjøl.
  • Ein  kan lage to brød i vanlege brødformer i staden. Då fordeler ein deiga i smurte brødformer etter fyrste heving og set formene til etterheving på benken i rundt ein time. Steikjast på 200 grader nederst i omnen i rundt 45 minutt.

 

Tips
  • Denne oppskrifta kan også brukast til rundstykkjer. Etter fyste hevinga kan ein bruke ei skei dyppa i vatn og fordele deiga utover eit steikjebrett med bakepapir. Etterhev i rundt ein time og steikjast midt i omnen på 220 grader i rundt 15 minutt.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *