
Grøn smoothie
Ein kjølande og frisk grøn smoothie er godt når det er varmt og ein har lyst på litt lettare mat. Det finst også ferdige pakkar med grøn smoothie i frysedisken som ein kan bruke men det er billegare å lage blandinga sjølv. Ein kan for eksempel fryse ned alle ingrediensane minus vatnet i ein pose så er det enkelt å lage om ein har dårleg tid.
Ingrediensar til eit stort glas
3 kuber frosen spinat eller 3 nevar frisk spinat
1/2 banan i bitar
1/2 avokado
1 cm fersk ingefær i skiver
1 skive sitron utan skal eller litt sitronsaft
2 dl vatn
Ha alt i ein blender og køyr det til det er godt blanda. Ha i litt meir væske om det vert veldig tjukt. Server med ein gong.
Alternativ
- Bananen kan sløyfast eller bytast ut med meir avokado.
- Fersk ingefær kan bytast ut med safta av ein halv lime eller 1/4 sitron.
- Bruk varmt vatn om spinaten er frosen sånn at den løyser seg lettare opp.
- Om ein brukar både frisk spinat og banan så ha oppi eit par isbitar.
- Om sitronen er økologisk kan ein ha det gule av skalet oppi også. Det kvite smakar veldig beiskt så det bør ein unngå å bruke.
- Byt ut vatn med juice. For eksempel eplejuice eller appelsinjuice.
- Bruk lime eller ein båt av appelsin eller mandarin i staden for sitron.
- Spinat kan bytast ut med grønkål eller andre milde variantar.
- Om ein ikkje har blender så kan ein bruke stavmiksar eller kjøkkenmaskin.
- For å få i litt protein kan ein ha i ei rå eggeplomme eller kollagenpulver.
- Ein kan ha i 1 ss frø for meir fylde. Sesamfrø, chiafrø eller linfrø fungerer fint.
Tips
- Frys ned banan i bitar så er det enkelt å ta opp dei bitane ein treng.
- Avokado kan også frysast ned i skiver. Det er praktisk om ein ikkje brukar opp ein heil avokado om gongen.