Gulrotkake

Gulrotkake

Dette er favorittoppskrifta mi på gulrotkake.  Kaka er veldig saftig og med ein god ostekrem på toppen. Denne kaka er endå betre etter ein dag i kjøleskapet og kan med fordel lagast dagen før.

Ho kan gjerast både mjølkefri og glutenfri med godt resultat.

 

Kake:

4 egg
3 dl sukker, eg brukte kokosblomstsukker
3 dl sikta mjøl, eg brukte sikta spelt
2 ts natron
2 ts kanel
1 ts salt
1 ts vaniljesukker
1,5 dl nøytral olje, eg brukte kokosolje utan smak
4-5 finrevne rå gulrøter

Pisk egg og sukker til eggedosis. Sikt i mjølet og rør forsiktig inn det andre. Ha over i ei smurt rund springform på 24 eller 26 cm. Steikjast på 150 grader i rundt ein time. Sjekk med ein kakestikkar eller ein skarp kniv om kaka er ferdig. Om det ikkje heng noko deig att på kakestikkaren er kaka ferdig. Er det deig att på kakestikkaren så steik kaka litt lenger. Sett kaka til avkjøling.

 

Ostekrem:

125 g kremost naturell, eg brukte laktosefri
1 ts vaniljesukker
125 g melis
50 g smelta smør

Smelt smøret og la det avkjøle litt. Rør saman det andre i mellomtida og ha i smøret. Rør til det er fritt for klumpar. Smør glasuren utover kaka og sett kaka i kjøleskapet fram til servering.

 

Alternativ
  • For glutenfri gulrotkake så bruk glutenfritt mjøl. Eg har brukt Toro sin glutenfrie kakemiks og det gjekk fint.
  • For mjølkefri versjon så bruk mjølkefritt margarin og vegansk kremost i glasuren. Kokoskrem kan også nyttast. For å friske glasuren opp så kan det vere lurt å ha oppi nokre dråpar sitronsaft eller litt rive sitronskal når ein lagar han mjølkefri.
  • Sukkeret kan ein byte ut med rårørsukker eller kokossukker i kakebotnen og sukrinmelis i glasuren.
  • Litt av mjølet kan bytast ut med litt grovt mjøl som sammalt fint kveitemjøl.
  • Smøret til kremen på toppen trengst eigentleg ikkje smeltast. Ein kan bruke romtemperert smør og røre dette inn. Men eg tykkjer at kremen vert meir homogen om ein smeltar smøret.
  • Kremosten kan varierast med den typen som har smak av mandarin og ananas for ein meir fruktig smak på kremen.

 

Tips
  • Om ein lagar kaka i ei form på 26 cm kan det vere greitt å lage 1,5 porsjon med glasur.
  • Dobbel porsjon er passe til ei langpanne.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *