Glutenfri suppe

Gulrotsuppe

Gulrotsuppe med asiatisk smak og eit hint av kokos. Suppa passar godt når det er kaldt og ein treng å få varmen i kroppen. Det er også ein fin måte å bruke opp gulrøter som kanskje byrjar å verte mjuke. Har ein andre grønsaker som treng brukast opp så går det fint å slenge desse oppi også.

Denne oppskrifta på gulrotsuppe er både glutenfri og mjølkefri.

 

Ingrediensar til 4 porsjonar

2 ss olje
2 sjalottlauk, finhakka
1 fedd kvitlauk, finhakka
2 – 4 ts raud karripasta (2 er mildt og 4 er sterkt), eg brukar den til Santa Maria.
1 kg gulrøter i bitar
8 dl kraft, buljong eller vatn
2 ss kokoskrem (det harde som er på toppen av ein boks kokosmjølk) eller kokosmjølk
Salt og pepar

Ha smør eller olje i ei gryte og tilset lauk og kvitlauk. La det surre til lauken er mjuk på middels varme. Tilsett red curry paste og la den få surre litt for å utvikle smakane. Ha i gulrøtene og krafta. La det koke til gulrøtene er møre. Bruk stavmiksar til suppa er jamn og utan klumpar. Ha i kokoskremen og smak til med salt og pepar.

 

Alternativ
  • Kokoskremen kan bytast ut med kokosmjølk, creme fraiche eller fløyte. Då kan det vere lurt å smake seg fram til passe mengd.
  • Raud karripasta finn ein i dei fleste daglegvarebutikkane. Eg brukte den frå Santa Maria. Men den kan bytast ut med ulike krydder. For eksempel chili, fersk ingefær, koriander og pepar. Ta det du likar og har i skapet.
  • Lauken og kvitlauken kan sløyfast eller bytast ut med purre, gul lauk, raudlauk eller vårlauk.

 

Tips
  • Steikte kyllingbitar, steikt laks eller sprøsteikt bacon er godt attåt
  • Server med ein klatt rømme og strø over litt raspa ost
  • Ha gjerne rundstykkjer eller brød ved sida av.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *