
Havrekjeks med surdeig
Magevennlege og fantastisk gode havrekjeks med surdeig. Faktisk så kan eg ikkje bake desse så ofte fordi eg då går og knaskar på dei titt og ofte. Oppskrifta er sterkt inspirert av Tine si oppskrift på havrekjeks men tilpassa surdeig og ein sensitiv mage
Ingrediensar til rundt 50 stk
250 g smelta smør
1,5 dl mjølk, eg brukte havremjølk
75 g surdeigstartar
250 g havregryn, eg brukte store havregryn.
150 g sukker, eg brukte rårørsukker
1 ts salt
2 ts bakepulver
1 ts natron
100 g sammalen fin spelt
150 g sikta spelt
Smelt smøret i ei kasserolle og bland inn mjølka. Rør inn surdeigstartar og havregryna. La det stå og trekkje i minst ein halvtime, eg lot det stå over ein time sidan eg brukte store havregryn.
Bland inn resten av ingrediensane til ei ganske fast deig og la det stå i romtemperatur i rundt eit par timar. Sett deiga i kjøleskapet i minst 6 timar og ta ho ut rundt ein halvtime før utbaking slik at ho ikkje vert så hard å kjevle ut.
Ha litt mjøl på benken om nødvendig og kjevle ut til tynne kjeks. Rut opp med ein kniv eller eit pizzahjul, eller stikk ut runde med eit glas eller ei peparkakeform. Bruk ein steikjespade eller ei deigskrape og ha kjeksa over på ei steikjeplate med bakepapir. Prikk gjerne med ein gaffel for å få dei ekstra sprø.
Steikjast midt i omnen på 170 grader i rundt 15-20 minutt eller til dei er gyldne. Vert dei veldig brune og er framleis mjuke kan ein tørke dei på 100 grader til dei er sprø. Hugs at dei er litt mjuke når dei er nysteikte men det går over når dei kjem over på rist og vert kalde.
Alternativ
- For ekstra sprø kjeks kan ein byte ut den eine teskeia bakepulver med hjortetakksalt.
- Havrekjeksa vert mjølkefrie om ein nyttar plantebaserte mjølkeprodukt.
- Sukkeret kan bytast ut med andre typar søtt som kokosblomstsukker eller sukrin gold.
- Ein kan ha i ulike typar krydder som kanel eller tørka ingefær for å få ulik smak.
- Deiga kan settast rett i kjøleskapet og stå der i ein dag eller to om ein ikkje skulle rekke å heve litt i romtemperatur fyrst eller rekk å bake ut når ein har tenkt.
Tips
- Havrekjeks med surdeig er perfekt å ta med seg på tur i ein tett boks.
- Havrekjeks er nydeleg med smør og ost. Gjerne med ein kopp te attåt.
2 kommentarar
may skjærvø
Hei, syntes dette ble en tørr deig, eller ikke tørr, men den smuldret veldig og revnet fort ved kjevling. Skal det være slik?
Solgåva
Hei.
Den skal ikkje vere tørr og smuldrete nei. Kan vere at mjølet eller havregryna har trekt til seg meir vatn enn dei sortane eg har brukt.
Du kan prøve å kna inn litt ekstra vatn til deiga heng saman og sjå om det gjer susen. Eventuelt la deiga stå litt i kjøleskapet etterpå.
Håpar det vert vellukka for kjeksa er veldig gode.
Helsing Sunniva