Heimelaga mandelmjølk

Heimelaga mandelmjølk

Heimelaga mandelmjølk er veldig enkelt å lage sjølv. Det er  i tillegg billegare og smakar litt meir enn den ein får kjøpt i butikkane. Heimelaga mandelmjølk held seg i kjøleskapet opptil ei veke.

Eg bløytlegg mandlane fyrst for å gjere mandelmjølka meir magevennleg, men dette steget kan ein hoppe over om ein ynskjer det.

Framgangsmåten kan brukast til å lage plantemjølk av dei fleste korn, frø eller neter.

 

Ingrediensar

2 dl mandlar
6 dl vatn
Ei klype salt
litt vaniljepulver (kan sløyfast)
Eddik, myse eller surdeigstartar og salt til bløytlegging (kan sløyfast)

Vatn til bløytlegging

 

Mandlane kan fyrst bløytleggjast i eit salt og/eller syrleg miljø. Legg dei i ein bolle og dekk med vatn. Ha i 1 ts salt og 1 ss  av enten eddik, myse eller surdeigstartar og la det stå i romtemperatur over natta. Skyll mandlane godt og gjerne fleire gongar før bruk.

Ha mandlane, vatn, salt og eventuelt vaniljepulver i ein blender. Start på lav fart og auk farta litt etter kvart. La blenderen gå i eit par minutt slik at det vert godt blanda. Sil gjennom eit klede og klem ut det meste av væske frå mandelmassa. Tøm mandelmjølka over på ei flaske eller glas med tekk lok og sett i kjøleskapet.

Det vil etter ei stund legge seg eit lite lag med mandelmasse i botnen av flaska eller ein kan oppleve at det skil seg litt. Derfor er det lurt å snu flaska nokre gongar før bruk.

 

Alternativ
  • Bruk andre typar korn, frø eller neter for andre smakar.
  • Ha i litt kanel eller kardemomme for smaksvariasjon.
  • Om ein ynskjer søtare mjølk kan ein ha i litt sukker, honning eller anna søtt. Då er det lurt å smake til for å unngå at det vert altfor søtt.

 

Tips
  • Mandelmassen som vert att kan brukast direkte i bakst eller tørkast til mandelmjøl i omnen på lav temperatur.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *