Hønsefrikasse

Hønsefrikassé

Hønsefrikassé tek litt tid å lage men ein får mange porsjonar og kan fryse ned til raske middagar seinare.  Høner vert ofte kasta. Det er ganske dumt for det er skikkeleg god mat. Heldigvis er hønene attende i frysedisken i dei fleste daglegvarebutikkar.

Denne oppskrifta på hønsefrikassé er glutenfri og vert mjølkefri om ein brukar ein mjølkefri fløyte.

 

Koking av høne

1 stor høne eller to små
1 laurbærblad
nokre peparkorn
vatn
ca 1 ts salt per liter vatn (kan sløyfast og heller tilsette salt under tilberedning av sjølve frikasséen og når krafta skal brukast).

Ha høna i ei stor kasserolle og fyll på med vatn til det dekkjer høna. Er høna tint så kan ein dele ho opp. Ha i krydder og salt. Kok opp og skum av. La det trekkje i 1,5- 2 timar til høna er kokt. Ta ut høna og la den avkjøle litt. Plukk av kjøtet og putt skroget og avskjeret attende i kasserolla for å koke kraft på det. La det putre i eit par timar og sil krafta.

Det står meir om kraftkoking her.

 

Hønsefrikassé (4 porsjonar)

4 porsjon
1 purre i strimlar
3 gulrøtter i bitar
1/2 brokkoli delt i bukettar
1/2 blomkål delt i bukettar
1/3 av det kokte hønsekjøtet delt i terningar, eller så mykje som ein meinar er passe mengde
1 liter hønsekraft frå kokinga av høna
1,5 dl fløyte av valfri sort (eg brukte Gryr frå Sunniva)
3 ss maizena
Litt sitronsaft (kan sløyfast)
Salt og pepar

Kok opp krafta i ei kasserolle og ha i grønsakene. La det småputre til grønsakene er nesten møre. Ha i fløyte og hønsekjøtet. Rør Maizena ut i litt kaldt vatn og ha det i. Kok opp under konstant røring for å unngå klumpar. Smak til med litt sitronsaft, salt og pepar.

 

Alternativ
  • Bruk andre typar grønsaker som for eksempel sellerirot, persillerot, kålrot, lauk eller erter.
  • Bruk frosne grønnsaker om det skal gå ekstra fort
  • Fløyten kan bytast ut med mjølk av valfri sort
  • Får ein ikkje tak i høne så kan ein bruke kylling

 

Tips
  • Frys ned krafta og det kokte kjøtet og lag frikasse med frosen lapskausblanding for ein rask middag
  • For endå meir smak på krafta kan ein ha litt grønsaker som lauk, gulrot og sellerirot saman med skroget.
  • Om ein får kraft til overs kan det brukast i gryter, supper eller sausar seinare.
  • Er det ulik koketid på grønsakene så kan grønsakene kokast nesten møre i krafta kvar for seg og ta dei over i ei skål med ei fiskeause. Så tek ein alt saman oppi saman med hønsekjøtet etterpå.
  • Krafta kan kokast inn til halvparten om ein vil ha meir konsentrert kraft.
  • Server med kokte poteter, potetstappe eller kokt ris.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *