Hummus

Hummus – med eller utan fermentering

På eit hotell i Wien fekk vi ein gong servert ein utruleg god og mild hummus til å dyppe grønsaker og brød oppi. Det ga inspirasjon til å prøve å lage ein variant som likna. Hummus passar attåt mykje, som for eksempel grillmat, tapas og på kaldbordet.

Ein kan nytte ferdig kokte kikerter frå kartong eller koke sjølv. Eg har gjort begge deler og dei ein kokar sjølv vert nok hakket betre. Måla i oppskrifta treng ein ikkje følge heilt nøyaktig. Smak til med dei ulike ingrediensane til det passar din gane og ha i væske til konsistensen vert sånn som den passar til ditt bruk.

Om du er som meg som får plager med luft i magen etter å ha ete kikerter så kan det vere lurt å fermentere hummusen fyrst. Korleis det kan gjerast står under sjølve oppskrifta.

Hummusen er relativt allergivennleg og er utan egg, mjølk og gluten.

 

Oppskrift

230-250 g kokte kikerter (ein boks ferdig kokte kikerter er rundt 230 gram)

2 ss tahini eller mosa sesamfrø til smør i morter eller blender

1/2 fedd kvitlauk

2 ts salt

safta av 1/2 sitron

1 dl olivenolje

1 dl vatn (kan bruke kokevatn eller lake frå kikertene om ein vil)

1,5 ts spisskummen (kan sløyfast)

2 ts paprikapulver (kan sløyfast)

Ha alle ingrediensane med unntak av olivenoljen i ei matmølle, ein blender eller bruk stavmiksar til å få mosa det til det er heilt glatt. Rør inn olivenolje og spe eventuelt med meir vatn om konsistensen er veldig fast. Smak til med salt og krydder. Smakar det litt lite så ha i endå meir salt. Ha det over i ei skål eller eit glas med lok. Hummusen er best om han får stå og trekkje ein time eller to. Held seg i kjøleskapet i rundt ei veke.

 

Fermentert hummus for sensitive magar

Lag oppskrifta som skildra over og rør inn 1 ss startkultur på slutten. Startkultur kan vere myse, saft av heimelaga surkål, lake frå fermenterte grønsaker, vasskefir, Vita biosa (helsekost) eller kombucha.

Ha hummusen over i eit reint glas og dekk til med for eksempel eit klede eller kaffifilter med strikk rundt sånn at det ikkje kjem til fluger eller rusk. Eg brukar som oftast eit lite noregsglas med lok kor eg droppar å ha på strikken i loket.

La hummusen stå i romtemperatur i rundt eit døgn før han er ferdig og kan settast i kjøleskapet.

 

Alternativ
  • Bruk litt chili eller cayennepepar for å få meir sting.
  • Ha gjerne i litt meir vatn og eventuelt meir olje for ein lausare konsistens.

 

Tips
  • Ha hummus under kjøtpålegg på brød, gjerne surdeigsbrød.
  • Koking av tørka kikerter: Rundt 100 gram tørka kikerter gir mellom 200 og 250 gram kokte kikerter. Legg dei tørka kikertene i kaldt vatn med ei teskei salt og la det stå minst over natta. Skyll dei godt og ha dei i ei kasserolle og ha i nok vatn til at det er eit par cm over kikertene. For ekstra mjuke kikerter kan du ha i litt natron i vatnet. Kok opp og la det småkoke til kikertene er møre. Tøm av vatnet og la dei kjøles seg litt før bruk.

7 kommentarar

  • Lise

    Hei
    Jeg lurer på om du kan hjelpe meg med dette?
    Når jeg skal lage en ny vending av fermentert hummus, kan jeg da bruke en «slant» av den forrige som har et par spiseskjeer kombucha i seg (at det er en erstatning for kombucha), eller bør jeg tilsette kombucha på nytt for å få den fermentert?
    Håper på svar
    Mvh Lise

    • Solgåva

      Hei.
      Eg har berre hatt oppi ny kombucha og ikkje testa å ta litt av den førre runda med fermentert hummus som startkultur. I prinsippet bør det gå greit, men eg er usikker på om det påverkar smaken og aukar faren for mugg. Om du testar det så fortell gjerne korleis det gjekk.
      Helsing Sunniva

  • Synnøve

    Takk for flott oppskrift!
    Jeg lurer på om eplecider eddik (fra Helios) kan brukes som startkultur?

    • Solgåva

      Hei!
      Ja. Det skal gå fint med eplecidereddik som er upasteurisert (Helios) som startkultur. Men er litt usikker på om det kan bli i syrlegaste laget så ville ha kutta ned på sitronen i så fall og heller smakt til med sitron når den er klar.

  • Kristine

    Hvor lenge kan fermentert hummus stå i kjøleskapet? Den tåler seg vel bedre enn vanlig hummus? Takk 🙂

    • Solgåva

      Hei.
      Her må ein nesten bruke smak og lukt. Den står seg i alle fall nokre veker. Kor lenge kjem an på temperaturen og kor mykje den er ute av kjøleskapet.
      Men fermenteringsprosessen går sakte vidare så til slutt vil nok smaken bli ganske stram og konsistensen veldig brusete. Eg har hatt fermentert hummus som har heldt seg fin i over ein månad utan problem. Lenger har eg ikkje prøvd for då var det tomt 🙂

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *