Ingefærshot i 4 variantar

Ingefærshot i fire variantar – med eller utan fermentering

Det kan gjere godt med ein eller fleire ingefærshot om ein er ruskete i halsen eller prøvar å halde forkjølinga på avstand. I periodar kor eg kjenner at eg kanskje bryggar på noko brukar eg å ta ein støyt morgon og kveld. Om det hjelp veit eg ikkje heilt sikkert men det smakar uansett godt og er varmande. Når ein har i bær vil det også tilføre ekstra antioksidantar som kan vere bra når ein kjenner at ein bryggar på noko.

Ein kan også gjere drikken ekstra probiotisk ved å fermentere ingefærshoten. Sidan tarmen er ein del av immunforsvaret vil eg tru at det kan vere lurt om ein vil halde seg frisk. Oppskrift på fermentert ingefærshot står lenger nede i innlegget.

 

Ingefærshot

40 g fersk ingefær i skiver

3 dl vatn

Safta av ein sitron eller lime

1 ss honning

Ha alt saman i ein blender og la det køyre i eit minutt eller to til alt er ganske godt oppløyst. Sil blandinga i gjennom ein testil eller liknande. Bruk ei skei til å presse ut safta av massen. Ha over i eit glas eller ei flaske. Rør eller rist flaska eller glaset før bruk slik at ingefæren fordelar seg før bruk.

 

Ingefærshot med blåbær

20 g fersk ingefær i skiver

2 dl vatn

1 ss honning

Safta av ein sitron eller lime

50 g blåbær

Ha alt saman i ein blender og la det køyre i eit minutt eller to til alt er ganske godt oppløyst. Sil blandinga i gjennom ein testil eller liknande. Bruk ei skei til å presse ut safta av massen. Ha over i eit glas eller ei flaske.

 

Ingefærshot med bringebær

50 g fersk ingefær i skiver

3 dl vatn

Safta av ein sitron eller lime

1 ss honning

50 g bringebær

Ha alt saman i ein blender og la det køyre i eit minutt eller to til alt er ganske godt oppløyst. Sil blandinga i gjennom ein testil eller liknande. Bruk ei skei til å presse ut safta av massen. Ha over i eit glas eller ei flaske.

 

Ingefærshot med kiwi

35 g fersk ingefær

1 kiwi utan skal

Saft av ein sitron eller lime

1 ss honning

2 dl vatn

Ha alt saman i ein blender og la det køyre i eit minutt eller to til alt er ganske godt oppløyst. Sil blandinga i gjennom ein testil eller liknande. Bruk ei skei til å presse ut safta av massen. Ha over i eit glas eller ei flaske.

 

Fermentert ingefærshot

Lag ingefærshot etter ei av oppskriftene over.

Ha i 1-2 ss startkultur. Det kan vere kombucha, vannkefir, ingefærølstartar (gingerbug), upasteurisert eplecidereddik eller myse og la det stå i romtemperatur i eit døgn før det settast kaldt.

Myse får ein ved å sile kefir eller yoghurt naturell gjennom eit kaffifilter eller eit finmaska klede. Det er den blanke væska som er mysa.

 

Alternativ
  • Alt eller delar av vatnet kan bytast ut med eplemost eller juice for ein søtare variant.
  • Honning kan bytast ut med sukker eller lønnesirup.
  • Ein kan nytte sukrin for sukkerfri variant men då er det lurt å droppe fermenteringa sidan sukkeret trengst i fermenteringsprosessen.
  • For andre smakar kan ein bruke ulike typar frukt og bær. Eple, pære, ananas eller skogsbær kan vere gode alternativ.

 

Tips
  • Massa som vert att kan ein fryse ned i små klattar og ha i smoothie. Eg brukar å ha det i grøn smoothie.
  • Bland vatn med kolsyre i ingefærshoten for å få ein slags mild ingefærbrus.
  • Ein kan blande ut med litt eplemost om ein tykkjer at det vert for sterkt.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *