Iskaffi utan mjølk

Iskaffi

Iskaffi er leskande og godt når det er varmt. Det krever nesten ikkje arbeid utover å sørge for at det er isbitar i frysaren. Elles er det berre å blande det raskt saman.

Ingrediensar til eit glas

1-2 koppar espresso eller 1 dl sterk kaffi
2-3 dl valfri mjølk
isbitar

Bland alt i ein shaker og rist det raskt saman. Server i eit høgt glas.
Alternativt kan ein ha isbitar og mjølk rett i eit glas og tømme espressoen over.

 

Alternativ:
  • For mjølkefri variant kan ein nytte plantemjølk. Min favoritt er mandelmjølk eller havremjølka ikaffe frå Oatly (NB! havremjølka er ikkje glutenfri).
  • Rør litt sjokoladesaus eller karamellsaus inn i espressoen medan den er varm for ein mokka- eller karamellvariant.
  • Ha i litt vaniljesukker eller vaniljepulver for litt vaniljesmak.
  • Eit par steviadråpar med karamellsmak gir ekstra søtsmak.
  • Frys ned kaffi i isbitformer og bruk i staden for kaffi og isbitar.

 

Tips
  • Ha alle ingrediensane i ein blender så vert det frappè.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.