
Jordbærsaus til riskrem
Kvar sommar frys eg ned nokre korger norske jordbær som eg sparar til jul for å lage jordbærsaus til riskrem. Det smakar veldig mykje betre enn den sukkerlaken med farge som ein får kjøpt på kartong.
Jordbær kan bytast ut med andre sortar bær eller ein kan blande ulike typar alt etter kva ein har i frysaren. Skogsbærblanding eller bringebær er til dømes gode alternativ. Eg har også lagt ut ei eiga oppskrift på bringebærsaus.
Sidan det varierer kor søte bæra er er det enklast å prøve seg fram med sukkermengda sånn at det vert passe søtt etter din smak. Eg likar at sausen er ganske frisk og syrleg så derfor brukar eg relativt lite sukker.
Ingrediensar til rundt 6-8 porsjonar
400 g jordbær, eg brukte frosne bær
50 g sukker, eg brukte rårørsukker
1 dl vatn
1 ss sitronsaft eller saft av lime
1/2 ts vaniljepulver eller vaniljesukker
Ha alle ingrediensane i ei kasserolle og kok opp. La det koke nokre minutt og bruk ein stavmiksar eller ein blender til å køyre blandinga jamn. Smak eventuelt til med meir sukker og sitronsaft. Om du vil vere sikker på at det ikkje er klumpar eller vil unngå steinar kan du sile sausen medan han er varm.
Tøm jordbærsausen over i ein mugge og sett til avkjøling. Sausen held seg minst ei vekes tid i kjøleskapet og kan frysast.
Ynskjer du å fermentere sausen så kan du røre inn ei skei myse, vannkefir eller kombucha og la det stå i romtemperatur i eit døgn før ein set han i kjøleskapet.
Alternativ
- For sukkerfri variant kan ein nytte sukrinmelis i staden for sukker.
- Sukkeret kan bytast ut med melis eller andre sortar søtt som honning eller lønnesirup. Då er det lurt å smake til og ikkje ha alt saman oppi med ein gong.
- Ein kan nytte andre typar bær eller ei blanding av ulike bær. Då kan det vere lurt å sile sausen etter at han er kokt sidan det kan bli ein del steinar frå for eksempel bringebær.
Tips
- Sausen kan frysast sånn at ein kan lage han i god tid før jul.
- Ein kan bruke bærsausen både varm og kald på is og gjerne med brownies attåt.
- Server sausen til heimelaga riskrem, som også kan lagast mjølkefri om ein treng det.