Julebrød av surdeig

Julebrød av surdeig

Julebrød eller julekake som nokon kallar det må eg alltid ha til julefrukosten og for å gjere det meir magevennleg har eg byrja å bake julebrød av surdeig. Dersom eg skulle velge ein type bakst til jul så hadde det vorte heimebaka julebrød. Eg har brukt ei veldig god oppskrift med gjær i mange år og no har eg bytt ut gjæra med surdeig. Eg bakar som oftast med spelt og gjerne økologisk om eg får tak i det. Ulike typar mjøl og mjøl frå ulike produsentar kan ha ulike bakeeigenskapar. Derfor kan det vere lurt å starte med litt mindre mjøl enn det som står i oppskrifta og heller justere med meir undervegs.

 

Ingrediensar til to små runde julebrød

3 dl kaldt vatn eller mjølk

50 g (2 ss) surdeigstartar

100 g sukker, eg brukte rårørsukker

2 ts kardemomme

1 ts salt

550 g sikta spelt (pluss litt ekstra til å justere med om det trengst)

125 g romtemperert smør i terningar

125 g rosiner

1 egg til pensling

 

Legg rosinene i vatn i minst ein halvtime for å gjere dei mjuke og mindre tørre.

Rør surdeigstartaren ut i væska. Ha i kardemomme, salt og sukker. Rør inn mjølet litt etter litt og hald att noko av mjølet om deiga byrjar å verte tørr. Elt inn smøret litt om gongen. Elt deiga i 5-10 minutt. Juster med meir mjøl undervegs om deiga vert for klissete. Ho skal akkurat sleppe bollen. Tøm av vatnet på rosinene og bland dei forsiktig inn i deiga. Dekk til med plast eller eit fuktig klede og la deiga heve i romtemperatur i 8-12 timar alt etter kor varmt det er i rommet. Eg pleier å la deiga stå på kjøkkenbenken over natta.

Del deiga i to og form forsiktig til to runde brød utan å kna eller jobbe med deiga meir enn nødvendig. Sett brøda på ei steikjeplate med bakepapir og dekk til med plast eller eit klede. Etterhev i 1-2 timar.

Varm opp steikjeomnen på 220 grader. Pensle brøda med samanpiska egg. Sett brøda inn nederst i omnen og reduser temperaturen på steikjeomnen til 175 grader. Steik i rundt 50 minutt. Dei skal ha ein litt hul lyd om ein dunkar dei på undersida når dei er ferdige. La dei avkjøle seg skikkeleg på rist før oppskjering.

 

Alternativ
  • Julebrødet vert eggefritt om ein droppar å pensle med egg.
  • Ved å bruke mjølkefritt smør og vatn eller plantebasert mjølk så vert det mjølkefritt.
  • Speltmjølet kan sjølvsagt bytast ut med kveitemjøl.
  • Ha i sukat saman med rosinene.
  • Sukkeret kan bytast ut med vanleg sukker eller kokossukker.
  • For ein grovare variant kan halvparten av mjølet bytast ut med sammalen fin spelt.
  • Har du ikkje surdeigstartar kan du bruke 1/2 ts tørrgjær eller ein liten klump fersk gjær. For å få litt syrleg miljø kan ein då ha oppi 1-2 ss eplecidereddik i tillegg.
  • For raskare bløytlegging av rosinene så kan ein bruke kokande vatn.
  • Når ein lagar julebrød av surdeig så er det mogeleg å sette deiga i kjøleskapet enten rett etter at ein har sett deiga og ta ut deiga til heving når det måtte passe, eller heve deiga nokre timar og så sette ho i kjøleskapet til det passar å steikje henne. Då er det greitt å vente til deiga har fått minst romtemperatur sidan ho inneheld ein del smør og dermed vert ganske hard i kjøleskapet.

 

Tips
  • Prøv med salt pålegg som rull eller sylteflesk.
  • Del kvart brød i fire og frys ned. Då er det enkelt å tine opp ei lita mengde om gongen.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *