Julebrød utan egg mjølk og gluten

Julebrød utan egg, mjølk og gluten

Det er fleire som har etterspurt oppskrift på julekake eller julebrød utan egg, mjølk og gluten. Tidlegare har eg laga rosinbollar i staden og brukt desse som julebrød. Det har i grunnen fungert bra, men eg kunne nok tenkt meg å laga eit skikkeleg glutenfritt julebrød også. Eg prøvde også å lage rosinbolleoppskrifta som eit brød men det gjekk ikkje så bra.

For ei tid sidan rydda eg litt i bileta på mobilen og då dukka denne oppskrifta opp. Truleg kjem ho frå ei eller anna gruppe på Facebook eller ein blogg, men eg finn ikkje att kor det var. Eg har brukt den oppskrifta som utgangspunkt men har gjort nokre endringar.

 

Ingrediensar til eit julebrød

4 dl vatn eller valfri mjølk

1 pk gjær

2 ss fiberhusk

150 g smelta mjølkefritt smør

150 sukker

1/2 ts salt

1 ts kardemomme

360 g Toro glutenfri lys mjølblanding

125 g rosiner

 

Legg rosinene i kaldt vatn i minst ein halvtime.

Varm væska til i underkant av 37 grader og rør ut gjæra. Visp inn fiberhusk og la det stå og svelle i 10 minutt. Bland i alt det tørre og smelta smør. Elt deiga i rundt 5 minutt. Tøm vatnet av rosinene og bland dei godt inn i deiga. Bruk ein slikkepott til å ha deiga over i ei smurt brødform som tek minst 1,5 liter.

Dersom det er mange rosiner på toppen så kan det vere lurt å stikke dei litt ned i deiga sånn at dei ikkje vert brende under steikjing. Dekk til med plast eller eit fuktig klede og la deiga heve til dobbel storleik (omtrent 1 time).

Steikjast på 210 grader nederst i omnen i rundt 45 minutt. Ta brødet ut av forma dei siste 5 minuttane av steikjetida. Brødet virkar litt svampete i konsistensen når det er nysteikt.  La det derfor bli heilt avkjølt på rist for det treng litt tid på å «sette seg» og få rett konsistens.

 

Alternativ:
  • Pensle med egg om det ikkje treng å vere utan egg
  • Ein kan sjølvsagt bruke vanleg mjølk og smør om det ikkje må vere mjølkefritt
  • Ha i ein desiliter sukat i tillegg om ein likar det
  • Sukkeret kan bytast ut med brunt sukker, kokossukker eller rårørsukker.
  • Bruk kokande vatn på rosinene for raskare bløytleggjing.
  • Det går fint å halvere gjærmengda.

 

Tips
  • Oppskrifta held akkurat til ein heil pose Toro lys glutenfri mjølblanding.
  • Fordi dette er eit julebrød utan egg, mjølk og gluten så vil det bli tørt om det står veldig lenge. Derfor er det lurt å dele det opp i skiver og fryse ned. Då kan ein ta opp dei skivene ein treng og tine desse i brødristaren. Dei tinar også raskt på benken.
  • Det er ei lita gruppe på Facebook for oppskrifter utan egg, mjølk og gluten.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *