Kanelkringle med surdeig

Kanelkringle med surdeig

Av kaffimat så kjem kanelkringle med surdeig høgt opp på lista med favorittar her i huset. Ein kan variere med ulike typar fyll og forme kringla som ein vil. Eg lagde ein tvinna variant denne gongen. Det er kanskje ikkje den enklaste måten å forme ei kringle på men ein kan klare å rote det til temmeleg mykje før det ikkje lenger kan reddast med litt melis.

Kringla kan lagast utan mjølk og egg om ein treng det.

 

Ingrediensar

3 dl kald mjølk eller vatn, eg brukte havremjølk

50 g (2 ss) surdeigstartar

75 g smør

75 g sukker, eg brukte rårørsukker

1 ts kardemomme

1/2 ts salt

450 g sikta spelt (mengda kan variere etter mjøltype og leverandør)

Fyll:

100 g mjukt smør

100 g sukker, eg brukte kokosblomstsukker

5 g (1,5 ss) kanel

1 ts vaniljepulver eller vaniljesukker

2 ts potetmjøl eller sikta spelt (kan sløyfast)

Egg til pensling

 

Ha mjølka i ein bakebolle og rør ut surdeigstartar. Smelt smør i ei kasserolle, la det avkjøle seg litt før det blandast inn i væska. Bland inn kardemomme og salt. Tilsett halvparten av mjølet og bland det godt saman. Ha i resten av mjølet litt og litt, og elt godt i eit par minutt. Deiga skal vere smidig og sleppe bakebollen så juster med meir mjøl om det er nødvendig.  Dekk til bakebollen og la det stå og heve på benken i 8-12 timar.

Bland saman ingrediensane til fyllet med ein gaffel slik at det vert smørbart.

Bak ut deiga på same måte som når ein lagar kanelbollar. Ha mjøl på benken sånn at deiga ikkje set seg fast og kjevle ut til eit rektangel. Smør på fyllet og rull forsiktig saman til ei lang pølse. Del rullen på langs og ha dei to delane over på eit steikjebrett med bakepapir. Tvinn dei to delane saman så godt det let seg gjere og form til ein ring eller i kringleform. Dekk til og etterhev i 1-2 timar, eg lot det stå i 1,5 timar. Pensle med samanvispa egg rett før steikjing.

Steikjast midt i omnen på 200 grader i rundt 35 minutt. Avkjøl på rist og pynt eventuelt med melisglasur.

 

Alternativ
  • For mjølkefri kringle kan ein nytte mjølkefritt smør og plantebasert mjølk eller vatn.
  • Strø gjerne perlesukker eller mandelflak på toppen.
  • Ein kan bruke ulike typar fyll som bringebærsylte og vaniljekrem, sjokoladebitar eller makronfyll.
  • Sikta spelt kan bytast ut med kveitemjøl. Då må ein berre prøve seg fram med mengde til det vert ei smidig deig.
  • Kringla vert utan egg om ein sløyfar å pensle med egg. I så fall kan ein pensle med litt mjølk i staden.

 

Tips
  • Kringla kan godt frysast men då er det ein fordel å sløyfe glasuren. Ho vert som nysteikt om ein tinar ho oppatt i omnen på 160 grader.
  • Når ein bakar kanelkringle med surdeig held ho seg saftig lenger enn vanleg gjærbakst. Derfor passar det fint å ta med seg på tur.