
Kefir
Kefir får ei kjøpt ferdig i dei fleste butikkar men det går også an å lage det sjølv. Det er ikkje så mange ingrediensane som skal til, men ein treng kefirkorn, bakteriekulturen som lagar mjølk om til kefir. Kefirkorn kan ein få kjøpt i enkelte nettbutikkar, på finn.no eller ein kan prøve å få tak i hos nokon som gir vekk for eksempel via ulike facebookgrupper. Nokon av gruppene der ein kan prøve heiter «Fermentering», «Melkesyregjæring» og «Fermentering og kraft med Gry Hammer».
Ingrediensar til 1 liter kefir
1 liter mjølk, gjerne heilmjølk
Rundt 1 ss kefirkorn
Ha mjølk og kefirkorn i eit glas og dekk til enten med eit klede eller lok. Eg brukar eit noregsglas med lok men utan strikk.
La det stå mørkt i romtemperatur for eksempel i eit skap i rundt 2 dagar. Rør litt rundt og sil av korna gjennom ein fimaska sil. Bruk gjerne ein slikkepott for å få kefiren gjennom silen. Ein kan også bruke handa til å plukke ut kefirkorna, men då er det viktig å vaske hendene godt fyrst.
Den ferdige kefiren kan bli litt klumpete eller skilje seg. Derfor kan det vere greitt å bruke ein stavmiksar eller visp til å jamne kefiren. Sett kefiren i kjøleskapet. Kefirkorna kan enten settast i gong i ny mjølk eller ein kan ha dei i kjøleskapet i litt mjølk i ei vekes tid. Skal dei stå lenger så bør ein byte ut mjølka eller fryse dei ned. Den mjølka som korna har vore i skal ikkje vere med når ein lagar neste runde med kefir.
Den ferdige kefiren held seg i eit par veker i kjøleskapet. Han vert litt surare med tida og kan skilje seg sånn at ein må vispe det saman av og til.
Tips:
- Bland kefir med bær eller sylte og bland med stavmiksar for å lage ulike smaksvariantar.
- Bruk kefir på frukostblanding eller i smoothie.
- Om ein siler kefiren gjennom eit klede så får ein ferskost som kan smakssettast med krydder. Det som renn av er myse som kan brukast som startkultur til å fermentere grønsaker.
- Kefirkorna veks og vert fleire med tida. Overskotet kan ein for eksempel gje vekk til andre eller fryse ned i litt mjølk for å ha i reserve om noko skulle gå gale med dei korna ein har i vigør.
- Temperaturen vil spele inn på kor fort prosessen går. Er det varmt så kan det hende at kefiren er ferdig før tida og om vinteren kan det ta litt lenger tid.
- Har du akkurat fått kefirkorna i hus er det mogeleg at kulturen er litt i ubalanse etter flyttinga. Det pleier å gå seg til etter eit par runder.
- Vert kefirkorna veldig store kan dei delast opp.
- Det står i fleire oppskrifter at ein ikkje kan bruke stål, men dette gjeld ikkje rustfritt stål.
- Har kefiren skilt seg er det berre å vispe det saman att. Den blanke væska er myse.
- Vert det eit kvitt belegg på toppen av kefiren kan ein skrape dette av. Er belegget derimot blått så er det mygl og då må alt kastast.