
Kimchi – fermenterte grønsaker
Kimchi er fermenterte (mjølkesyregjæra) grønsaker. Det er koreansk og vert laga på mange ulike måtar. Det er heldigvis ingen fasit på korleis den skal vere. Det er opp til kvar enkelt sin gane. Eg lagar ei ganske mild og enkel utgåve. Det er godt tilbehør til steikt mat og nydeleg til grillmat.
Det luktar ganske stramt under gjæringsprosessen så ikkje lag det når du skal ha huset fullt av gjestar. Kimchi held seg i kjøleskapet i månadsvis og vert ofte betre på smak etter lagring i nokre veker. Har du ete lite fermentert mat tidlegare så kan det vere lurt å starte forsiktig med små mengder elles kan magen verte i ulage i ei periode.
Ingrediensar til eit glas på 1 liter
1 stor kinakål (eller 2 små)
1 pose/bunt reddikar
1 stor chili
1 stort fedd kvitlauk
1 tommelstor bit fersk ingefær
1 ss salt, gjerne fint havsalt utan tilsetningsstoff
2 ss soyasaus eller tamari (glutenfri)
Vask grønsakene og la dei renne godt av seg før bruk. Ta av eit par store blad av kinakålen og legg til side.
Finsnitt eller rasp kinakålen. Del reddikane i to og kutt dei i tynne skiver. Finhakk eller finrasp chili, kvitlauk og ingefær. Ha alt i ein bolle saman med salt og soyasausen. Kna godt slik at kinakålen slepp væska. Det tek kanskje 5 minutt.
Legg eit eller to blad av kinakålen på toppen og sett eit glas med vatn eller ein brødpose fylt med vatn som lodd på toppen. Dekk til med eit klede og ein strikk rundt kanten slik at det ikkje kjem fluger eller rusk til.
La glaset stå på kjøkkenbenken i rundt 5 dagar. Det er her det kjem ei ganske sterk kållukt når fermenteringa pågår. Fjern det du brukte som lodd og kast kålblada. Ha på tett lok på glaset og sett det i kjøleskapet for lagring. Fermenterte grønsaker held seg veldig lenge, kanskje årevis, og smaken vil utvikle seg undervegs.
Alternativ:
- Bruk gjerne fiskesaus i stadenfor soyasaus.
- Ha andre grønsaker oppi som raudlauk, purre, grønkål, vårlauk, aspargebønner, gulrot, neper eller andre typar kål.
- Vil du ha syrligare smak kan du la det stå og fermentere nokre dagar til. Smak deg fram til når du tykkjer at det er passe syrleg.
Tips:
- Bland kimchi og olivenolje med stavmiksar og bruk det som dressing.
- Vert det ikkje nok væske eller det er behov for meir væske undervegs enten i prosessen eller under lagring så kan du fylle på med saltlake. Den lagar du ved å blande 1,5 ss salt i ein liter kokt vatn og avkjøler dette før bruk.
- Når alle grønsakene er brukt opp så kan ein enten bruke den resterande væska som starter til å fermentere nye grønsaker eller ta som ein probiotisk shot før eit måltid.