
Kjøtkaker
Noko av det beste eg visste i oppveksten var Besta sine kjøtkaker. Eg har sikra meg oppskrifta hennar og gjort litt endringar for å få det allergivennleg. Heimelaga kjøtkaker er framleis noko av det beste eg veit og eg lagar alltid opp ein god del slik at vi til ei kvar tid har klar eit lager i frysaren.
Eg likar å ha litt krydder i kjøtkakene, men ein kan sjølvsagt sløyfe desse om ein ynskjer ein meir nøytral smak.
Denne oppskrifta på kjøtkaker er utan egg, mjølk og gluten.
Ingrediensar til 35 middels store kjøtkaker
800 g kjøtdeig utan salt og vatn (2 pk)
400 g karbonadedeig (1 pk)
2 ts salt
1 ts pepar
1/2 ts allehånde
1/2 ts ingefær
1/2 ts muskat
1/2 ts nellik
4 ss potetmjøl
5 dl vatn
Bland kjøtdeig og karbonadedeig saman med salt og krydder. Elt det godt saman slik at det vert ei litt seig masse. Ha i potetmjølet og spe litt og litt med vatnet. Form farsa til runde kaker med ei skei dyppa i vatn. Steik kakene på middels temperatur i ei steikjepanne med mjølkefritt smør. Kok ut steikjepanna med litt vatn etter siste kaka er steikt og ha dette i sausen.
Allergivennleg brun saus
1-2 ss smør eller olje
2 sjalottlaukar, finhakka
1 raspa gulrot
5 dl kraft eller buljong
1 ts tørka timian eller anna krydder
Salt og pepar
Litt sukkerkulør om ein ynskjer brunare saus
Ha smør eller olje i ei kasserolle på middels temperatur. Ha oppi lauk og raspa gulrot og la det surre til lauken er blank. Ha krydder og kraft og kok opp. La det putre til gulrota er mør og jamn med ein stavmiksar. Er sausen litt tynn så jamn med maizena rørt ut i litt vatn.
Alternativ
- Sløyf eller bytt ut krydder etter smak.
- Det går fint å bytte ut karbonadedeiga med kjøtdeig.
- Bruk kjøtdeig av andre dyr som lam, vilt, kylling eller svin.
Tips
- Bruk gjerne kjøkkenmaskin til å elte det saman. Men ver litt obs på at kjøtkakene kan bli seige om ein køyrer det altfor lenge.
- Bruk eingongshanskar til å elte det saman for hand.
- Steik kjøtkakene litt i steikjepanna slik at dei får steikjeskorpe og steik dei ferdig i steikjeomnen på 160 grader i 10 minutt.