
Knuste poteter
Er du så heldig at du har kokt for mange poteter til middag så kan du lage knuste poteter av restane. Denne måten å bruke restar på gjer dei tristaste kokte potetene om til gourmet. Det fine er at ein kan lage mange variantar etter kva ein vel å ha oppå potetene. Derfor passar desse potetene til det meste.
Kokefaste poteter fungerer aller best, men dei fleste potetsortar går an å bruke. Mandelpoteter og andre mjølne potetsortar dett lettare frå kvarandre men osten bind det litt saman att når den smeltar.
For mjølkefrie knuste poteter kan ein enten sløyfe osten eller bruke mjølkefri ost.
Ingrediensar til 4 personar
8 middels store kokte poteter med eller utan skal
8 ts smør
Salt og pepar (rundt 3 ts salt og 1 ts pepar)
Krydder (kan sløyfast)
Riven ost, eg lagde nokre med Norvegia og nokre med Parmesan (kan sløyfast)
Varm omnen til 200 grader. Sett potetene på ei steikjeplate med bakepapir og klem dei litt flate med ein potetstappar, ei stor skei eller gaffel. Legg på smør med ostehøvel eller legg ein klatt smør på kvar potet. Ha på salt og pepar. Dryss på ost om du vel å bruke det. Ha eventuelt på ekstra krydder. Steikjast midt i omnen i rundt 30 minutt eller til dei er gyldne og gjennomvarme.
Alternativ
- Sløyf osten eller bruk mjølkefri ost og mjølkefritt smør eller olje for mjølkefri variant.
- Ved bruk av poteter med skal så kan ein godt fjerne litt av skalet på toppen etter at ein har klemt dei flate.
- Dei fleste typar ost kan nyttast og ein kan godt blande ulike typar. Om ein har små restar av ost kan ein raspe desse og ha i ein boks i frysaren. Då har ein raspa ost klar dersom ein skulle plutseleg få potetrestar ein dag.
Tips
- Dryss finhakka friske urter over potetene rett før servering.
- Knuste poteter passar til det meste av steikt mat og er nydeleg til grillmat.