Kokosmakronar utan egg

Denne oppskrifta på allergivennlege kokosmakronar utan egg har eg fått frå svigerinna mi som har laga desse til jul dei siste åra. Det går relativt raskt å blande saman og dei held seg ei ganske lenge i tett kakeboks sånn at ein kan lage dei i god tid før jul. Å lage kokosmakronar utan egg kan vere ei utfordring, men i denne oppskrifta fungerer kikertlake godt som eggerstatning. Kikertlake, også kalla aquafaba, er den laken som ferdig kokte kikerter ein får kjøpt på kartong ligg i.

Fordi dei er utan egg så er dette veganske kokosmakronar. Oppskrifta er i tillegg naturleg glutenfri også.

 

Ingrediensar til 45 middels store kokosmakronar

140 g kikertlake

200 g sukker

250 g kokosmasse

1 ts vaniljesukker

 

Ha kikertlaken i ei kasserolle som rommar minst 2 liter og gjerne ei som er litt vid. Bruk ein visp til å piske til det skummar godt. Ha i resten av ingrediensane og bland saman.

Sett kasserolla på komfyren og sett plata på middels varme. Varm opp under omrøring. Blandinga er klar når sukkeret har smelta og massa byrjar å verte ganske tjukk og seig. Dette tek mellom 5 og 10 minutt. Ta kasserolla av varmen og legg bakepapir på to steikebrett.

Sett røra utover i klattar med ei skei. Sidan røra er ganske porøs når ho er varm så er det lurt å fyrst legge alt utover med skeia og så så gå attende og forme med fingrane til runde toppar etterpå.

Steikast på 180 grader midt i omnen i rundt 10-15 minutt eller til dei byrjar å verte gyldne. Avkjøl på rist  og legg i kakeboks når dei er heilt kalde.

 

Alternativ
  • Om du toler neter kan du ha ei hasselnøttkjerne på toppen av kvar kokosmakron før steiking.
  • Sukkeret kan bytast ut med rårørsukker.
  • Ein kan lage nøttetoppar eller mandeltoppar ved å byte ut kokosmassen med malne mandlar eller neter. Då må ein prøve seg litt fram med mengda neter/mandlar og gjerne prøvesteike eit par gongar fyrst.

 

Tips
  • Kikertene frå pakken kan brukast til å lage hummus.
  • Kikertlake kan frysast. Eg brukar å fryse det ned i små boksar med rundt ein desiliter i kvar.

Legg att ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *