
Kombucha med rabarbra – 3 variantar
Kvart år når den fyrste sommarvarmen kjem og rabarbrasesongen er i gong så passar eg på å etterfermentere kombucha med rabarbra. Det vert ein frisk og leskande drikk som passar godt som terrassedrikk eller til sommarmaten. Eg lagar gjerne nokre ulike variantar når eg fyrst har ferdig ei runde med kombucha.
Det går fint å bruke frosen rabarbra og bær om ein ikkje har tilgong på ferskt. Den aller beste rabarbrasorten er forresten etter mi meining jordbærrabarbra som er ekstra søt og smakfull, men alle sortar kan nyttast.
Måla i oppskriftene er ikkje så veldig nøye. Ein god neve er vanlegvis nok til ei flaske på ein liter. Dess meir rabarbra ein har oppi dess sterkare vert smaken. Ein kan lage kombucha sjølv eller kjøpe ferdig i store daglegvarebutikkar, helsekost og nokre apotek.
Kombucha med rabarbra
1 liter ferdig kombucha
1 stilk rabarbra i bitar
Kombucha med rabarbra og jordbær
1 liter ferdig kombucha
1/2 stilk rabarbra i bitar
4-5 jordbær, kan godt bruke frosne
Kombucha med rabarbra og bringebær
1 liter ferdig kombucha
1/2 stilk rabarbra i bitar
5-10 bringebær, kan godt bruke frosne
Ha alt saman i ei flaske eller eit stort glas med lok og la det stå i rundt eit døgn eller til det har teke passe med smak. Sil av rabarbrabitane/bæra og tøm over i ei flaske med tett kork. For meir kolsyre kan ein la flaska stå i romtemperatur til det er passe futt før ein set ho i kjøleskapet. Serverast kald og gjerne med isbitar.
Alternativ
- Bruk gjerne andre kombinasjonar av frukt og bær saman med rabarbra. Eple, pære eller fersken kan vere gode kombinasjonar.
- Ulike urter og krydder kan også fungere ilag med rabarbra. Vanilje, mynte eller kanelstang er krydder som går fint.
- Kombucha kan bytast ut med jun eller vasskefir.
Tips
- Bruk restane i smoothie eller ha dei saman med litt vatn med kolsyre.
- Kombucha med rabarbra kan serverast som alkoholfri velkomstdrink, gjerne med isbitar eller eit jordbær eller bringebær.